Krav om oppreising frå foreldra til avdøde

Høgsteretts dom 10.12.2007, HR-2007-02076-A, (sak nr. 2007/734), sivil sak, anke
Skadeserstatningslova § 3-5
A og B (advokat Karsten Gjone) mot C (advokat Christian Wiig)

Rt-2007-1777

Dommarane: Tønder, Flcok, Stabel, Sverdrup, Tjomsland

Saka gjaldt krav om oppreisning frå foreldra til den avdøde i samband med straffedom for aktlaust drap. Den avdøde var vaksen og etablert med eigen familie.

Som arbeidarar i eit oppdrettsselskap disponerte C og D kvar sin plastbåt med 150 hk påhengsmotor og ein toppfart på 30 knop. Etter at oppdrettsanlegget var blitt inspisert av dykkarar, følgde dei dykkarskipet i kvar sin båt og leikte seg med å hoppe i bølgjene etter båten. Under denne leiken kom dei på kollisjonskurs, og det enda med at Cs båt køyrde over Ds båt. D fekk store skadar og døydde same dag.

C blei i tingretten og lagmannsretten dømd til fengsel i 30 dagar for aktlaust drap, jf. straffelova § 239. Han blei også dømd til å betale oppreisning til sonen, D, med 75 000 kroner, til sambuaren med 50 000 kroner og til foreldra med 10 000 kroner kvar. Ds foreldre erklærte særskilt anke til Høgsterett over oppreisninga, jf. straffeprosesslova § 435.

For Høgsterett var eitt av spørsmåla om det var riktig å fråvike normbeløpet på 75 000 kroner ved oppreisning til etterlatne ved aktlaust drap, som Høgsterett har fastsett i Rt. 2006 side 61, sidan D var etablert med eigen familie og eigen bustad. Under tilvising til korleis den tilsvarande problemstillinga har vore løyst ved forsettleg drap, jf. Rt. 2004 side 592 og Rt. 2004 side 1324, kom Høgsterett til at oppreisning i slike tilfelle i regelen burde setjast til 60 000 kroner.

Det andre spørsmålet var om det var riktig å gjere frådrag i oppreisninga som følgje av at den avdøde sjølv hadde medverka. Høgsterett kom til at andre omsyn gjorde seg gjeldande ved oppreisning enn ved erstatning for tap av forsørgjar, og reduserte oppreisninga for kvar av foreldra til 35 000 kroner.

Les heile avgjerda