Røyking i røykelosje

Høgsteretts dom 21.12.2007, HR-2007-02148-A, (sak nr. 2007/1496), sivil sak, anke over dom.

Staten v/Helse- og omsorgsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Steffen Asmundsson) mot Geminix AS, Røykens Venner (hjelpeintervenient) (advokat Kjersti Patricia Amundsen)

Rt-2007-1801

Dommarane: Utgård, Gussgard, Flock, Endresen, Schei

Tobakksskadelova § 6. Forståing av uttrykka ”lokaler … hvor allmennheten har adgang” og ”arbeidslokaler … hvor to eller flere personer er samlet”.

Saka gjaldt spørsmålet om røyking av medlemmer i ein såkalla røykelosje i eit lokale på eit hotell og på kveldar der berre medlemmene av losjen har tilgjenge til lokalet, er i strid med tobakksskadelova § 6. Odda kommune la i 2004 ned forbod mot slike arrangement på Hardanger Hotel i Odda.

Høgsterett kom til at det her var tale om arrangement der ålmenta hadde tilgjenge. Det var ikkje tale om samvær av meir privat karakter. Sjølv om medlemmene i røykelosjen måtte skrive under på erklæringar om at dei var motstandarar av røykelova og at dei godtok at det vart røykt i lokalet, var det fritt for einkvar til å skrive under på dette. At det vart kravd ei mindre medlemsavgift, endra ikkje dette. Arrangementa skilde seg lite frå andre der det blir kravd inngangspengar. Høgsterett viste til at røykelova har eit breitt føremål, som går langt ut over å verne ikkje-røykarar mot passiv røyking. Også omsynet til å hindre rekruttering av nye røykarar og å skape sosiale arenaer for utsette grupper må såleis vektleggast.

Arrangementa til røykelosjane var dermed i strid med røykeforbodet fordi ålmenta hadde tilgjenge.

Høgsterett la til grunn at det også var tale om arrangement i arbeidslokale. Når det vart utført servering til gjestar under arrangementa, var dette arbeid. Det kan ikkje leggjast inn i tobakksskadelova § 6 ei avgrensing ut frå kven som står for arbeidet; såleis heller ikkje om det er eigar eller dagleg leiar.

Statens anke førte fram. Hotellføretaket, Geminix AS, og Røykens Venner vart pålagt sakskostnader for lagmannsrett og Høgsterett.

Les heile avgjerda