Spørsmål om arbeidsgiveravgift av godtgjersler til tilsette med tenestestad i utlandet
Høyesteretts dom 27.2.2007, HR-2007-00397-A, (sak nr. 2006/1032), sivil sak, anke
Folketrygdlova § 23-2
Kværner Oil & Gas AS (advokat Magnus Hellesylt) mot staten v/Skattedirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Christian Lund)
Rt-2007-523
Dommarane: Utgård, Endresen, Tjomsland, Bruzelius, Schei
Saka gjaldt spørsmålet om det skulle svarast arbeidsgivaravgift av visse naturalytingar og utgiftsgodtgjersler utbetalte frå eit norsk selskap til tilsette med tenestestad i utlandet.
Tilsette i Kværner Oil & Gas AS (KOGAS), stasjonerte i utlandet, hadde i 2000 fått utbetalingar i samband med utestasjoneringa. Det var dels tale om naturalytingar og dels om utgiftsgodtgjersler. KOGAS gjorde gjeldande at selskapet ut frå eit likebehandlingsprinsipp hadde krav på same frådrag som offentlege arbeidsgivarar, som ikkje blir kravde for arbeidsgivaravgift for sine ytingar.
Utgiftsgodtgjersler frå arbeidsgivar gir plikt til å svare arbeidsgivaravgift, med mindre det er unntak i godtgjersleforskrifta 14. oktober 1976 nr. 9830. I forskrifta er det unntak for utbetalingar med grunnlag i tariffavtale eller statleg regulativ. Det er ein særavtale – tariffavtale – for tilsette i Utanriksdepartemetet, som tilsette i statlege organ mv. blir godtgjorde etter. Fleirtalet i Høgsterett – justitiarius Schei og dommarane Tjomsland, Bruzelius og Utgård – kom til at sjølv om det kunne stillast spørsmål ved innhaldet i avtalen, var det ikkje grunnlag for å seie at avtalen var i strid med godtgjersleforskrifta § 3. Det var då ikkje forskjellsbehandling når KOGAS som ikkje hadde tariffavtale og heller ikkje bygde på nokon slik, ikkje fekk godkjent at utbetlingane ikkje var arbeidsgivaravgiftspliktige. Fleirtalet viste også til at KOGAS ved å opprette avtale eller ved å nytte nivået i ein avtale, og eventuelt innmelde overskytande utbetalingar som lønn, kunne oppnå same løysingane som statlege arbeidsgivarar. For ordninga med åtskiljingstillegg, der det ikkje var stilt opp nærare krav til utbetalingane, vart dette resultatet likevel lagt til grunn under sterk tvil.
På dette punktet kom eit mindretal – dommar Endresen – til at ordninga i staten ikkje har heimel i regelverket. KOGAS må då ha krav på same behandlinga for si ordning, som heller ikkje har heimel i regelverket.
For naturalytingane korresponderer plikta til å svare arbeidsgivaravgift med den tilsette si skatteplikt. Både KOGAS og staten har i ein del tilfelle stilt til rådvelde fri bustad på utestasjoneringsstaden. For offentleg tilsette har dette ikkje vore skattlagt i dei tilfella desse ikkje har hatt kostnader til fri bustad i Noreg, medan tilsette i KOGAS har vore pålagde skatt i slike tilfelle. Behandlinga av dei tilsette i KOGAS er i samsvar med skattelovgivinga.
Ein samla Høgsterett la til grunn at domstolane også kan handheve eit likskapsprinsipp der det er tale om lovbundne vedtak. Det hadde her vore ein omfattande praksis for offentlege tenestemenn i strid med skattelovgivinga. Særavtalen gjeld for 5 – 600 tenestemenn, men i alt blir avtalen nytta for 2 500 – 3 000 i offentleg sektor, rett nok slik at det berre er ein del av desse som ikkje har kostnader til eigen bustad i Noreg. Praksisen hadde vore kjend for sentrale skattestyresmakter i lang tid. Det var ikkje gjort noko for å endre på dette. Det har ikkje vore vist til særlege omsyn som tilsa at offentleg tilsette her bør behandlast annleis enn andre.
Høgsterett stadfesta etter dette lagmannsrettsdommen der staten var frifunnen på dei fleste punkta, men der vedtak om etterfastsetjing av avgift var oppheva når det gjalt avgift på naturalyting til bustad i utlandet.