Spørsmål om kven av foreldra barna skal ha fast bustad hos

Høgsteretts dom 16.3.2007, HR-2007-00518-A, (sak nr. 2006/1669), sivil sak, anke
Barnelova §§ 48 og 31
A (advokat Ådne Jarled) mot B (advokat Anne Hazeland)

Rt-2007-376

Dommarane: Stabel, Lund, Stang Lund, Tønder, Schei

Saka gjaldt spørsmålet om kven av foreldra ein gut på tolv år og ei jente på ni år skulle ha fast bustad hos. Barnelova §§ 48 og 31.

B og A gifta seg i 1993 og fekk sonen C i 1994 og dottera D i 1998. I 2003 flytta B ut av fellesheimen. Med unntak av ein kort periode med delt bustad blei barna buande hos faren i X. Dei hadde utvida besøksrett hos mor si, som etter kvart flytta til Y. B reiste i 2003 sak med krav om at barna skulle ha fast bustad hos henne. Tingretten avgjorde at barna skulle bli buande hos faren, mens lagmannsretten gav mora medhald i klaga.

Høgsterett kom til same resultat. Begge foreldra var gode og tilnærma likeverdige omsorgspersonar, og det var ikkje omstridt at barna hadde det godt der dei var. Om retten skal endre på ein slik situasjon, må det godtgjerast at ei flytting vil medføre fordelar for barna. Fordelen i denne saka var at barna fekk bu der dei sjølv ønskte. Særleg C hadde – heilt sidan saka kom opp første gong, og gjennom alle rettsinstansar – klart gitt uttrykk for eit ønske om å bu hos mor si. Dette blei stadfesta og utdjupa av den sakkyndige for Høgsterett. Det var heller ikkje grunnlag for å tru at det barna sa, ikkje var uttrykk for det dei verkeleg meinte. At flyttinga ville medføre eit visst miljøskifte, blant anna skulebyte, blei ikkje funne avgjerande. Barna var friske og velfungerande, og allereie godt kjende i nærmiljøet til mora. Deira ønske måtte derfor respekterast.

Les heile avgjerda