Spørsmålet om den som krev rettargangsbot, kan påkjære ei avgjerd om ikkje å stette dette kravet
Høgsteretts orskurd 29.3.2007, HR-2007-00619-A, (sak nr. 2006/1837), straffesak, kjæremål
Domstollova § 217 første ledd, § 199 og straffeprosesslova § 377 første ledd
Olav Thon (advokat John Christian Elden) mot TV 2 Nettavisen Interaktiv AS og redaktør Gunnar Stavrum (advokat Frode Elgesem)
Rt-2007-487
Dommarane: Sverdrup, Øie, Gussgard, Stabel, Lund
Thon kravde at TV 2 Nettavisen skulle dømmast til rettargangsbot for brot på domstollova § 199, jf. § 130. Tingretten hadde tidlegare fastsett at ei rettsavgjerd der Thon blei pålagd å gi blodprøve i ei farskapssak, berre kunne omtalast offentleg i anonymisert form.To dagar seinare hadde TV 2 Nettavisen oppslag om saka med sitat frå rettsavgjerda. I sitata var den påståtte barnefaren omtalt som NN, og i ein parentes etter det hadde Nettavisen sett inn: ”Thon, red. anm.”
Tingretten fann det ikkje nødvendig å gi straff. Lagmannsretten avviste kjæremålet frå Thon. Retten viste til tre avgjerder frå Høgsteretts kjæremålsutval der retten hadde lagt til grunn at den som krev rettargangsstraff, ikkje har høve til kjæremål. Thon påkjærte avvisingsavgjerda, og kravde prinsipalt kjæremålet fremma for lagmannsretten, subsidiært at avgjerdene i tingrettens og lagmannsretten måtte opphevast.
Høgsterett forkasta kjæremålet. Ei avgjerd om ikkje å gi rettargangsstraff ”rammar” ikkje den som krev ilegging av straff, jf. straffeprosesslova § 377 første ledd. I grunngivinga blei det blant anna vist til at dersom den fornærma skulle få høve til å påkjære, ville det innebere eit brot med den stillinga den fornærma elles har i den alminnelege straffeprosessen. Høgsterett kunne ikkje sjå at omsyn til effektivitet i reglane eller anna tilsa noko slikt unntak. Det hefta heller ikkje slike feil ved rettsavgjerdene at dei måtte opphevast.