Utlevering av krigsforbrytar

Høgsteretts orskurd 17.10.2007, HR-2007-01773-A, (sak nr. 2007/1313), straffesak, anke
Utleveringslova § 10 nr.2
A (advokat Tor Even Gjendem) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Pål K. Lønseth)

Rt-2007-1453

Dommarane: Utgård, Tønder, Øie, Skoghøy, Coward

Utleving av krigsforbrytar. Spørsmål om tilfelle der domfelte har garanti for at han kan krevje at saka blir teken oppatt, går inn under utleveringslova § 10 nr. 2.

A var ved fråversdom i X dømd for drap på ein person i 1991. Med grunnlag i denne dommen kravde X A utlevert. Seinare er det gitt garanti for at A har rett til å få saka teken oppatt, dersom han framstiller seg i X og krev oppattaking innan eitt år etter det.

Borgarting lagmannsretts kom i orskurd av 29. august 2007 til at vilkåra for utlevering av A til X var til stades. Avgjerda bygde på utleveringslova § 10 nr. 2, som gjeld tilfelle der utlevering skjer ut frå avgjerd i vedkomande stat som byggjer på ei vurdering av om vedkomande var skuldig i handlinga. Slik utlevering kan berre skje dersom det er skilleg grunn til mistanke om at vedkomande er skuldig.

A påkjærde avgjerda til Høgsterett, og gjorde gjeldande at det skulle vore prøvd ut frå utleveringslova § 10 nr. 1 om vilkåra for utlevering er til stades. Denne føresegna gjeld utlevering på grunnlag av dom, men det er ikkje høve til utlevering dersom det er særleg grunn til å tru at dommen ikkje byggjer på ei rett vurdering av skuldspørsmålet.

Høgsterett kom til at lagmannsretten hadde tolka lova rett. Det vart vist til at sjølv om ordlyden i lova kunne tale for den løysinga A hadde gjort gjeldande, talar andre rettskjeldefaktorar enn lovteksten med styrke for at det er § 10 nr. 2 som må liggje til grunn for avgjerda. Realiteten i utleveringskravet er såleis, når det er gitt garanti for rett til oppattaking, at staten som krev utlevering, gjer dette for at vedkomande skal stillast for retten. Det ville også vere svært lite tilfredsstillande om lova skal forståast slik at fråversdommen ikkje gir grunnlag for utlevering, samstundes som det er skilleg grunn til å tru at vedkomande er skuldig. Det vil også vere svært uheldig om Noreg blir ein fristad for visse grupper straffedømde. Høgsterett viste også til at lagmannsrettens lovtolking har støtte i ein tilleggsprotokoll frå 1978 til den europeiske utleveringskonvensjonen av 1957.

A hadde også gjort gjeldande at soningstilhøve og rettargangsordningane i X er i strid med krava etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen, artiklane 3 og 6. Lagmannsretten hadde bygd på at det i ein slik utleveringssituasjon må vere sikre haldepunkt for konvensjonsstrid for at det skal kunne byggjast på dette. Høgsterett viste til dom i saka Soering mot UK frå Den europeiske menneskerettsdomstolen, premissane 91 og 113, og kunne ikkje sjå at lagmannsretten hadde tolka lova feil.

Kjæremålet frå A vart etter dette forkasta.

Les heile avgjerda