Utmåling av straff for lekamsskading av to tilfeldige offer

Høgsteretts dom 17.10.2007, HR-2007-01775-A, (sak nr. 2007/691), straffesak, anke
Straffelova § 229 tredje straffalternativ, jf. § 232
A (advokat John Christian Elden) og B ( advokat Trygve Staff) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Kristian Nicolaisen)

Rt-2007-1465

Dommarane: Indreberg, Tønder, Skoghøy, Utgård, Coward

Saka gjaldt utmåling av straff for lekamsskading av to tilfeldige offer, utført under særs skjerpande omstende og med stor skade på lekam eller helse til følgje.

Natt til fredag 2. juli 2004 overfall B ein ukjend forbipasserande. Mens offeret låg nede, blei han sparka og trampa på hovudet fleire gonger. Både B og A deltok, men B var den mest aktive. I godt humør og nøgde med seg sjølv forlét B og A offeret, som då låg hjelpelaust og medvitslaust på gata. Om lag eit kvarter seinare kom dei i krangel med ei gruppe somaliarar. Både B og A var utagerande og pågåande, men politiet kom til og skilde gruppene. Ein halv time etter dette gjekk A laus på ein annan tilfeldig forbipasserande. A gav han minst to harde knyttneveslag i munnpartiet. B kom til og sparka og trampa på og mot hovudet og overkroppen til offeret ei rekkje gonger. Deretter forlét dei også han hjelpelaus og medvitslaus i gata, mens dei sjølv framleis var i godt humør.

Begge dei fornærma blei svært hardt skadde og slit med etterverknader som har gitt dei vesentleg og varig reduksjon i livskvaliteten.

Både B og A er tidlegare domfelte, blant anna for vald.

Høgsterett meinte at straffa i utgangspunktet burde liggje på om lag seks års fengsel for B, som utførte den grovaste valden, og at utgangspunktet for As del burde vere rundt fem og eit halvt års fengsel. Men handsaminga av saka hadde teke for lang tid, over tre år og tre månader. Etter frådrag på grunn av dette og Bs tilståing blei straffa sett til fengsel i fire år og seks månader for begge.

Les heile avgjerda