Tap av føreretten etter grovt brot på tollova

Høgsteretts dom 1.11.2007, HR-2007-01836-A, (sak nr. 2007/1206), straffesak, anke
Vegtrafikklova § 33 nr. 1, tapsforskrifta §§ 2-6 og 4-1
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Stein Vale)

Rt-2007-1503

Dommarane: Coward, Flock, Tønder, Stabel, Lund

A kjøpte vel 2 500 liter øl med 5,6 prosent styrke og vel 25 liter brennevin med 37,5 prosent styrke i Tyskland. Han frakta alkoholen gjennom Sverige og vidare inn i Noreg utan å leggje varene fram for tollkontroll. I tingretten blei han dømd for særleg grovt brot på tollova (tollova § 66) til fengsel i 24 dagar, inndraging av alkoholen og tap av føreretten i to år. A anka til lagmannsretten over straffutmålinga og tapet av føreretten, men anken førte ikkje fram.

A anka vidare til Høgsterett, der han berre fekk lov til å fremme anke over tapet av føreretten. Høgsterett viste til vegtrafikklova § 33 nr. 1 og forskrifta med heimel i denne føresegna, spesielt § 2-6, og var einig med dei tidlegare instansane i at A burde dømmast til tap av førerett, og at to år kunne vere eit riktig utgangspunkt for tidslengd på tapet.

A hadde likevel hatt førarkortet i omtrent tretten månader etter lovbrotet. Etter forskrifta § 1-4 skal tidslengda på tapet ved ”lengre tids besittelse” i utgangspunktet setjast kortare enn elles. Forskrifta gjer eit unntak frå dette dersom forholdet gir grunnlag for ”flere års” tap av føreretten. Høgsterett kom til at ”flere års” tap her måtte forståast slik at unntaksføresegna ikkje omfattar tilfelle der utgangspunktet er ein tapsperiode på to år, og sette ned tida for førerettstapet til eitt år og seks månader.

Les avgjørelsen i sin helhet