Mangelfulle domsgrunnar
Høgsteretts orskurd 29.11.2007, HR-2007-02002-A, (sak nr. 2007/1484), straffesak, anke
Straffelova § 120 første straffalternativ
Den offentlege påtalemakta (Sjefen for Spesialenheten for politisaker Jan Egil Presthus) mot A (advokat Berit Reiss-Andersen)
Rt-2007-1663
Dommarane: Flock, Stabel, Sverdrup, Tønder, Tjomsland
A blei i tingretten mot rettsformannens stemme frifunnen for brot på straffelova § 120 første straffalternativ. Lagmannsretten stadfesta frifinninga, men dei tre fagdommarane og ein av meddommarane i retten – i motsetning til det avgjerande mindretalet – fann tiltalte skuldig etter tiltalen. Påtalemakta anka til Høgsterett over sakshandsaminga i lagmannsretten – mangelfulle domsgrunnar.
Høgsterett oppheva lagmannsrettens dom med hovudforhandling. Ut frå den grunngivinga som det avgjerande mindretalet i lagmannsretten hadde gitt, var det ikkje mogleg å sjå kva grunnlag tiltalte var frifunnen på. Og anten grunngivinga skulle vere knytt til manglande forsett eller til nødrett, var ho heilt utilstrekkeleg til at rettsbruken kunne prøvast.