Tolking av straffridomsregelen i straffelova § 167
Høgsteretts orskurd 7.12.2007, HR-2007-02062-A, (sak nr. 2007/1524), straffesak, anke
Straffelova § 167
Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Lasse Qvigstad) mot A (advokat Gunnar K. Hagen)
Rt-2007-1749
Dommarane: Øie, Tjomsland, Matningsdal, Indreberg, Schei
I søknad om norsk statsborgarskap 3. juni 2004 gav A uriktige opplysningar om namn og fødselsdato. Tilsvarande uriktige opplysningar hadde han gitt ved søknad om opphaldsløyve i juni 2001. Det var uomstridd at A ved søknaden om norsk statsborgarskap oppfylte dei objektive og subjektive vilkåra for straff etter straffelova § 166 om falsk forklaring. Spørsmålet var om han likevel måtte frifinnast etter § 167 andre ledd, jf. første ledd fordi han ikkje kunne forklare seg sannferdig utan å risikere straff for falsk forklaring i søknaden om opphaldsløyve i 2001.
Tingretten dømde A for brot på straffelova § 166, mens lagmannsretten under dissens frifann han etter § 167 andre ledd, jf. første ledd. Påtalemakta anka til Høgsterett over lovbruken.
Høgsterett fann at straffridomsregelen i § 167 må tolkast innskrenkande i situasjonar der nokon av eige initiativ og høgst frivillig har søkt om eit offentleg løyve eller eit gode, for eksempel førarkort, våpenløyve eller – som i den aktuelle saka – norsk statsborgarskap. Dersom det i slike tilfelle ikkje har vore nokon slags tvangssituasjon eller pressa situasjon, og det heller ikkje av velferdsgrunnar har vore nødvendig eller svært viktig for personen å søkje, er handlinga ikkje straffri.
Lagmannsretten hadde lagt til grunn at det ved bruken av § 167 er uviktig om dei uriktige opplysningane er gitt i samband med ein frivillig søknad om statsborgarskap. Dette var ikkje riktig lovbruk, og lagmannsrettens dom med hovudforhandling blei oppheva.