Oppseiing av agentavtale

Høgsteretts dom 7.12.2007, HR-2007-02063-A, (sak nr. 2007/1358), sivil sak, anke
DnB NOR ASA (advokat Stig B. Andersen) mot Torbjørn Fagerli (advokat Arild Paulsen)

Rt-2007-1753

Dommarane: Matningsdal, Indreberg, Øie, Tjomsland, Schei

Einskildpersonføretaket TotalFinans Torbjørn Fagerli hadde avtale med Cresco Lån om å innhente lånesøknader frå lånekundar som kom til han. Cresco Lån ytte utelukkande gjeldsbrevlån med avtalt nedbetalingstid. Cresco Lån hadde kontor i Skien og var ei avdeling i Gjensidige NOR Sparebank.

Siste avtale var inngått med Cresco Lån den 29. juni 2002. Avtalen var uoppseieleg fram til 31. desember 2004. Cresco Lån kunne likevel seie opp avtalen før dette tidspunktet dersom ”virksomheten legges ned eller selges”.

I 2003 blei det gjort eit forsøk på å selje verksemda i Cresco Lån. Då dette ikkje lykkast, blei det i november same år vedteke å leggje ned verksemda med verknad frå 1. mars 2004. Avtalen blei etter dette oppsagd med verknad frå 1. desember 2003. I desember 2003 blei Gjensidige Bank fusjonert med DnB Bank ASA, som deretter i januar 2004 registrerte dotterselskapet DnB NOR Bank ASA.

Fagerli reiste i 2006 søksmål mot banken og kravde avgangsvederlag etter analogi frå agenturlova. Vidare kravde han erstatning for urettmessig oppseiing og erstatning for illojal handlemåte frå bankens side. Trondheim tingrett gav han ikkje medhald i nokon av krava, mens Frostating lagmannsrett under dissens tilkjende han kr 400 000 i erstatning for urettmessig oppseiing. Lagmannsretten tok ikkje omsyn til dei andre krava.

Bankens anke til Høgsterett førte fram. Høgsterett forstod oppseiingsklausulen slik at banken hadde høve til å seie opp avtalen dersom den bankverksemda som Cresco Lån dreiv, blei lagd ned. Dette var etter Høgsteretts vurdering tilfellet. Cresco Lån hadde utelukkande ytt forbrukslån, og denne aktiviteten blei ikkje ført vidare etter nedlegginga av Cresco Lån. Fagerli fekk ikkje medhald i at verksemda ikkje kunne reknast som nedlagd fordi banken heldt fram med å yte forbrukslån i form av kontokreditt og kredittkort med agentar som før fusjonen hadde vore knytte til DnB.

Les heile avgjerda