Spørsmål om rett til frådrag for fridomsrøving
Høgsteretts dom 1.3.2007, HR-2007-00422-A, (sak nr. 2006/1625), straffesak, anke
Straffelova § 60
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Lasse Qvigstad)
Rt-2007-333
Dommarane: Oftedal Broch, Matningsdal, Sverdrup, Stabel, Lund
A var dømd til fengsel i 90 dagar. Under etterforskinga blei han, som alternativ til varetektsfengsling, pålagd opphald hos onkelen i fire veker, kombinert med ei rekkje vilkår som innskrenka rørslefridommen hans, jf. straffeprosesslova § 181 første ledd om fengslingssurrogat. Han var på dette tidspunktet 17 år og 10 månader. Fridomsavgrensingane gjekk ut på at han måtte halde seg heime hos onkelen mellom kl. 18.00 og kl. 06.00 neste morgon, men samtidig var han på kveldstid pålagd å følgje eit behandlingsopplegg retta mot valdsåtferd. Han skulle følgjast til og frå dei aktuelle arrangementa. På dagtid hadde han dagleg meldeplikt for politiet, forbod mot å opphalde seg i visse kommunar og å ta kontakt med ein del av dei personane han brukte å omgåst. Han skulle ikkje ha ureglementert fråvær frå skuleundervisninga. Alle brot på restriksjonane skulle meldast til politiet.
Tingretten meinte at fengslingssurrogatet ikkje kunne reknast som fridomsrøving etter straffelova § 60, og dei fire vekene kom ikkje til frådrag i straffa. Etter anke kom lagmannsretten under dissens til same resultat.
Høgsterett meinte at avgrensingane var tilstrekkelege til at frådrag måtte givast. Det blei vist til praksisen med å gi frådrag for fridomsrøving ved pålagt opphald i behandlingsinstitusjon. Vidare blei det sagt at sjølv om opphald i husstanden til ein familiemedlem i utgangspunktet set heilt andre rammer om fridomsavgrensingane enn varetektsfengsling, kan ei slik plassering forsvarast særleg for unge lovbrytarar, der det ideelt sett bør finnast alternativ til fengsling som også kan opne for rehabilitering av ungdommen.
Under eit hytteopphald i fem dagar i haustferien saman med onkelen og familien og i forståing med politiet, var den einaste restriksjon at A skulle vere inne i hytta mellom kl. 18.00 og kl. 06.00. Desse dagane skulle ikkje vurderast separat opp mot kravet til fridomsrøving i straffelova § 60, men vere med i ei totalvurdering av dei fire vekene.