Straffutmålinga ved innehaving av barnepornografi
Høgsteretts orskurd 16.3.2007, HR-2007-00516-A, (sak nr. 2006/1805), straffesak, anke
Straffelova § 204
A (advokat Arild Dyngeland) mot Den offentlege påtalemakta (kst.statsadvokat Arild Oma)
Rt-2007-422
Dommarane: Tønder, Stabel, Lund, Stang Lund, Schei
Saka gjaldt straffutmålinga ved innehaving av barnepornografi og ved seksuelt krenkjande eller usømmeleg åtferd overfor barn under 16 år, jf. høvesvis straffelova § 204 første ledd bokstav d og § 201 bokstav c.
A, som er 39 år gammal, var for det første dømd for innehaving av barnepornografi etter at han hadde overført 37 bilete og 10 videosnuttar frå Internettet til den berbare PC-en sin. Desse viste mindreårige jenter i alderen 12 år og oppover som dels poserte nakne og dels hadde seksuell omgang med vaksne. Vidare var han dømd for å ha vist krenkjande eller usømmeleg åtferd overfor barn under 16 år. Til ei jente på 13 år hadde han sendt mange tekstmeldingar med sine eigne grove fantasiar om å ha sex med henne, og ved eitt høve hadde han sendt bilete av kjønnsorganet sitt. I telefonsamtale hadde han også prøvd å få i stand eit møte med sikte på å ha sex med henne.
Tingretten fastsette ei fengselsstraff på 60 dagar, av dette 30 dagar på vilkår. Lagmannsretten forkasta As anke over straffutmålinga. Også anken hans til Høgsterett blei forkasta.
Ut frå føreliggjande rettspraksis kom Høgsterett – blant anna på bakgrunn av at nedlastinga ikkje hadde skjedd mot vederlag – til at innehaving av barnepornografi isolert sett ville ført til ei fengselsstraff på 20 dagar på vilkår. Det måtte likevel ved utmålinga av straffa i dette tilfellet leggjast stor vekt på As krenkjande åtferd overfor den fornærma. Å innleie kommunikasjon av sterk seksuell karakter med ei 13 år gammal jente er i seg sjølv eit grovt brot på straffelova § 201 bokstav c. Saka hadde dessutan ein særleg alvorleg karakter fordi siktemålet hans var å oppnå seksuell kontakt med den mindreårige, noko som måtte takast med som eit skjerpande moment ved straffutmålinga.