Inndragning av våpen og ammunisjon
Høgsteretts dom 20.04.2007, HR-2007-748-A, (sak nr. 2007/58), straffesak, anke
Straffelova § 35
A (advokat Erik Keiserud) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Stina Sveier Nilsen)
Rt-2007-579
Dommarane: Zimmer, Tønder, Rieber-Mohn, Skoghøy, Lund
A fekk ei pumpehagle av far sin i 1973, og han hadde tre rifler etter faren, ein onkel og ein nabo. Alle våpna var gamle, men fullt brukelege. Han hadde løyve til å ha riflene, men ikkje pumpehagla. Riflene hang i ein trappeoppgang i bustaden hans med sluttstykket i, noko som er i strid med våpenlova og våpenforskriftene, som seier at våpenet eller ein vital del av det skal oppbevarast i våpenskap. Det var dessutan funne ammunisjon som ikkje var oppbevart nedlåst, også det i strid med reglane i lova og forskrifta.
På grunn av personlege forhold er våpenkortet til A blitt drege inn. Det inneber at han må selje eller gi bort våpna.
I tingretten var A frifunnen for brot på våpenlova § 33, jf. §§ 8, 27 a og 31 jf. våpenforskrifta. I lagmannsretten blei han dømd til 21 dagars fengsel på vilkår, 5 000 kroner i bot og inndraging av våpna og ammunisjonen. A anka inndraginga til Høgsterett.
Høgsterett kom til at pumpehagla ikkje skulle dragast inn. Sidan det dreia seg om eit mindre alvorleg lovbrot (A ville utan tvil ha fått løyve dersom han hadde bedt om det i si tid), og sidan han hadde mist retten til å eige våpen på uviss tid, kravde ikkje omsynet til effektiv handheving av reglane at pumpehagla blei dregen inn. Det stilte seg annleis for riflene og ammunisjonen. Brot på oppbevaringsreglane er alvorleg, særleg det at våpen og ammunisjon var fritt tilgjengelege samtidig. For desse blei inndraginga derfor halden ved lag. Høgsterett la vekt på at slike lovbrot truleg er nokså vanlege, og at omsynet til effektiv handheving derfor krev ein slik reaksjon. At oppdagingsrisikoen er liten, trekkjer i same retning. Den delen av anken som gjaldt riflene og ammunisjonen, blei derfor forkasta.