Spørsmål om frådrag og straff etter tilståing

Høgsteretts dom 24.04.2007, HR-2007-00752-A, (sak nr. 2006/1951), straffesak, anke, og (sak nr. 2006/1952), straffesak, anke
A (advokat Erik Keiserud) mot Den offentege måtalemakta ( statsadvokat Helge Johan Kaasbøll)
B (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Helge Johan Kaasbøll)

Rt-2007-636

Dommarane: Tønder, Skoghøy, Rieber-Mohn, Zimmer, Lund

Saka gjaldt spørsmålet om kor stort frådrag som skal gjerast i straffa når tilståinga er gitt som følgje av lovnad frå påtalemakta om ein bestemt straffepåstand.

 

A og B blei funne skuldige i fridomsrøving, lekamsskading under særs skjerpande omstende og truslar. Saman med fem andre hadde dei halde ein person fanga i over seks døgn samanhengande, og i denne perioden var denne personen blitt grovt mishandla og trua på liv og helse.

 

Tingretten sette straffa til fire år og seks månader for A og fire år for B. Begge anka over bevisvurderinga under skuldspørsmålet. Like før ankeforhandlinga for lagmannsretten trekte dei anken over skuldspørsmålet, etter at påtalemakta hadde komme med eit tilbod om at ho som motyting skulle setje fram ein påstand som innebar 1/3 reduksjon av straffa i tingrettsdommen, altså fengsel i høvesvis tre år og to år og ni månader.

 

Lagmannsretten uttalte at sjølv om påtalemakta ikkje kunne binde retten, måtte domstolane vise atterhald med å underkjenne slike avtalar. Lagmannsretten fann likevel ikkje grunnlag for å følgje påtalemakta fullt ut, og sette straffa til tre år og ni månader for A og tre år og fem månader for B.

 

Fleirtalet i Høgsterett sa seg samde i den rettslege vurderinga som lagmannsretten hadde gjort, og uttalte at spesielt i store, kompliserte saker med mange aktørar kunne gode grunnar tale for at påtalemakta inngjekk slike avtalar for å avgrense rettsforhandlinga. For at ein slik avtale skulle oppnå målsetjinga, kravde det at domstolen var villig til å tilleggje avtalen ei viss sjølvstendig verdi, men likevel under den føresetnaden at påtalemakta opptredde lojalt mot dei retningslinjene for strafferabatt som er trekte opp i Høgsteretts praksis. Fleirtalet endra straffa for A til tre år og fem månader og forkasta anken frå B.

 

To dommarar stemte for å forkaste begge ankane. Dei meinte at slike avtalar ikkje burde ha noka sjølvstendig vekt ved straffutmålinga, sidan dette ville bryte med det grunnleggjande prinsippet i norsk straffeprosess om at domstolane står fritt overfor den straffepåstanden påtalemakta set fram.

 

Les heile avgjerda