Fastsetjing av straff for ran og truslar
Høgsteretts dom 24.04.2007, HR-2007-00753-A, (sak nr. 2007/28), straffesak, anke
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Stein Vale) mot A (advokat Gunnar K. Hagen)
Rt-2007-626
Dommarane: Rieber-Mohn, Skoghøy, Zimmer, Tønder, Lund
Saka gjaldt fastsetjing av straff for eit ran og i den samanheng truslar for å hindre at den krenkte melde forholdet, særleg spørsmålet om bruk av samfunnsstraff i slike tilfelle.
A hadde ein sein nattetime rana ein mann som han tilfeldigvis møtte i byen og slo følgje med. Dei var begge litt fulle. Under ranet slo A den krenkte fleire gonger med knytt neve og trua med å drepe han dersom forholdet blei meldt til politiet. Han tvinga også den krenkte til å heve pengar på minibankkontoen sin og tok summen på 800 kroner.
A blei tiltalt og dømd i tingretten til fengsel i 8 månader for simpelt ran, straffelova § 268, jf. § 267, for å motarbeide rettsvesenet ved å true med drap dersom politiet blei kopla inn, straffelova § 132 a, og for truslar, straffelova § 227.
Etter anke dømde lagmannsretten A til samfunnsstraff i 240 timar med ei gjennomføringstid på 1 år og subsidiært fengsel i 8 månader.
Påtalemakta anka til Høgsterett over straffutmålinga, men anken blei forkasta.
Høgsterett peikte på at dei truslane som medførte domfelling etter § 132 a, måtte seiast å liggje i ytterkanten av det lovgivaren har meint å ramme med denne føresegna. Truslane kom fram mens overgrepet heldt på, så å seie i ”kampens hete”. Det ville ha vore meir straffverdig om truslane blei sette fram etter at ranet var utført og det hadde vore tid til ettertanke.
Utgangspunktet var heilt klart fengselsstraff utan vilkår for dei forholda A var dømd for. Men Høgsterett fann det forsvarleg med samfunnsstraff, i første rekkje fordi den domfelte berre var 18 ½ år på gjerningstidspunktet, og det var gått 2 ½ år sidan han gjorde brotsverka, utan at domfelte kunne klandrast for tidsbruken. For at straffa skal verke formålstenleg, særleg overfor unge lovbrytarar, er det viktig at ho kjem raskt etter brotsverket, og 2 ½ år er lang tid i eit ungt liv som er i rask utvikling.