Narkotika. Fullbyrdelse av subsidiær fengselstraff. Brudd på samfunnsstraff.

Høyesteretts orskurd, 07.05.02, HR-2007-00785-A (sak nr. 2007/182), straffesak, anke,
A mot Den offentlege påtalemakta

Rt-2007-635

Dommarar: Utgård, Indreberg, Stabel, Rieber-Mohn og Schei

 

Brot på tilvisingar under soning av samfunnsstraff. Fullføring av subsidiær fengselsstraff.

 

A var dømd til 150 timar samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på 8 månader. Subsidiær fengselsstraff var sett til 5 månader. Gjennomføringstida starta med kartleggingssamtale ved friomsorgskontor 22. august 2005. Etter eit godkjent avbrot i gjennomføringstida gjekk denne ut 8. mai 2006. Ved vedtak 5. mai 2006 vart gjennomføringa avbroten, og det vart litt etter sett fram kravsmål om dom for at den gjenståande høvesvise delen av den subsidiære fengselsstraffa på ti dagar – 15 dagar minus fem dagar for varetekt – skulle fullførast.

 

Både tingrett og lagmannsrett kom til at fullføring skulle skje, og Høgsterett forkasta anken frå domfelte. Det vart vist til det viktige i å ha konsekvente reaksjonar mot brot på tilvisingar og vilkår for gjennomføring av samfunnsstraff. Om så ikkje er tilfelle, vil det på sikt sikt kunne føre til at samfunnsstraff ikkje får den legitimitet ordninga skal ha, og som gjer at denne straffarten blir eit alternativ til fengsel utan vilkår. Dersom brot er bagatellmessige eller det elles framstår som lite rimeleg eller tenleg med soning av subsidiær fengselsstraff, kan det vere grunn til å nytte heimelen i lova til å forlengje gjennomføringstida.

 

Høgsterett la til grunn at domfelte hadde gjort seg skuldig i klare brot på tilvisingane for avtening. Det var då ikkje noko alternativ til soning av den alternative fengselsstraffa.

 

Les heile avgjerda