Kva trygda dekkjer av ”nødvendige utgifter til … legemidler” for yrkesskadde.

Høgsteretts dom 08.05.2007, HR-2007-00831-A, (sak nr. 2006/869), sivil sak, anke

Folketrygdlova § 5-25

A (advokat Øystein Hus) mot staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet (regjeringsadvokaten v/advokat Anders Blakstvedt)

Rt-2007-721

Dommarane: Matningsdal, Zimmer, Endresen, Flock, Gjølstad

A er yrkesskadd. Som følgje av yrkesskaden har han fått dekt utgiftene sine til ulike lækjemiddel føreskrivne av lege. Dei siste åra har det vore tale om Fortralin, Flunipam og Sobril. Ved vedtak i april 2003 godkjende trygdekontoret at han framleis fekk dekt nødvendige utgifter til Fortralin, mens søknaden om å få dekt utgifter til Flunipam og Sobril blei avslått. Fylkestrygdekontoret stadfesta avslaget. A anka avslaget til Trygderetten, som heldt fast på vedtaket i fylkestrygdekontoret. Avgjerda er basert på at dei avgrensingane som følgjer av dei alminnelege føresegnene i folketrygdlova § 5-14 om dekning av utgifter til ”viktige legemidler”, også gjeld for yrkesskadde som etter § 5-25 har krav på å få dekt ”nødvendige utgifter til … legemidler”.

 

I lagmannsretten blei staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet under dissens frifunnen. Høgsterett endra derimot vedtaket som følgje av As anke.

 

Like før ankeforhandlinga i Høgsterett sette staten også fram påstand om at avgjerda i Trygderetten skulle kjennast ugyldig. Som følgje av dette meinte staten at Høgsterett skulle seie dom i saka utan å prøve dei materielle spørsmåla som tolkinga av folketrygdlova § 5-25 reiser. Dette førte ikkje fram. Høgsterett viste til at ein dom på grunnlag av felles påstand føreset at partane er einige om tvistegjenstanden – noko som ikkje var tilfellet, sidan partane hadde forskjellig grunngiving for påstanden om at vedtaket måtte kjennast ugyldig.

 

Med omsyn til forståinga av folketrygdlova § 5-25 viste Høgsterett til at ordlyden i lova taler for at § 5-25 er ei sjølvstendig føresegn der ytingane ikkje er underlagde dei avgrensingane som følgjer av dei alminnelege føresegnene i § 5-14. Det blei vidare vist til, og dette blei tillagt stor vekt, at dei yrkesskadde heilt sidan 1909 har fått hjelp til å dekkje utgifter til lækjemiddel. Høgsterett fann ikkje haldepunkt for at ein tok sikte på å endre denne rettstilstanden då den gjeldande folketrygdlova blei vedteken.

 

Les heile avgjerda