Lovbruken ved økonomisk utruskap
Høgsteretts orskurd 08.05.2007, HR-2007-00832-A, (sak nr. 2007/214), straffesak, anke
Straffelova § 275
A (advokat Per Erik Bergsjø) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Dennis Danielsen)
Rt-2007-731
Dommarane: Endresen, Flock, Matningsdal, Zimmer, Gjølstad
Saka gjaldt lovbruken ved økonomisk utruskap, spørsmål om bruk av samfunnsstraff og fastsetjing av erstatning.
Den domfelte overtok ein kiosk der Norsk Tipping hadde utplassert ein speleterminal. Det blei ikkje ordna med overtaking av kommisjonsavtalen. Med dette som utgangspunkt blei det hevda at A ikkje hadde styrt eller ført tilsyn med Norsk Tippings saker, slik straffelova § 275 føreset. Høgsterett fann at allereie det at A i eigen regi tillét spel på spelautomaten og i den samanheng faktisk handterte oppgjer og anna, måtte vere tilstrekkeleg til domfelling etter § 275. Retten tok likevel ikkje stilling til dette, fordi det under alle omstende måtte vere klart at A etter å ha gått i dialog med Norsk Tipping og i den samanheng teke på seg ansvar for å halde oppgjer for dei spela som blei gjennomførte, fekk ei slik rolle overfor Norsk Tipping at straffelova § 275 måtte kunne brukast.
Det var sterke individualpreventive omsyn i saka som tilsa at fengsel utan vilkår ikkje var ønskjeleg. Men den kriminelle verksemda hadde halde på i eit par år, og den domfelte hadde i denne perioden ved fleire høve vore i kontakt med politi og rettsvesen, utan at dette hadde hatt påviseleg innverknad på åtferda hans. Når heller ikkje individualpreventive omsyn eintydig peikte i retning av samfunnsstraff, fann Høgsterett ikkje grunnlag for å fråvike utgangspunktet om fengsel utan vilkår som straff for vinningsbrotsverk av det omfanget ein her stod overfor.
Ved erstatningsfastsetjinga blei det lagt til grunn at domfelte, som sjølv hadde spelt for store summar, måtte betale ordinære pris for desse spela. Erstatningsansvaret kan for så vidt seiast å vere basert på eit kvasikontraktsrettsleg synspunkt. Det blei ikkje sett på som eit grunnlag for å setje erstatninga for utruskapshandlinga lågare enn om domfelte hadde spelt på lovleg vis. Den valde tilnærminga gjorde også lemping lite aktuelt.