Spørsmål om straffutmåling i rehabiliteringssituasjon

Høgsteretts dom 11.05.2007, HR-2007-00858-A, (sak nr. 2007/324), straffesak, anke
Straffelova § 162 første og andre ledd
A (advokat Metty Yvonne Larsen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Pål S. Berg)

Rt-2007-763

Dommarane: Flock, Falkanger, Bruzelius, Coward, Gjølstad

A blei i tingretten dømd til ei straff av fengsel i 2 år, hovudsakleg for oppbevaring av knapt 200 g amfetamin og seinare sal av rundt 300 g amfetamin. Dommen blei under dissens stadfesta i lagmannsretten.

 

Då Høgsterett vurderte anken frå den domfelte over straffutmålinga, hadde han i knapt to månader vore på behandlingsinstitusjonen X gard. Det var tale om ei frivillig innlegging som den domfelte sjølv hadde teke initiativ til, etter mange års rusmisbruk. Han var såleis i ein rehabiliteringssituasjon. På grunnlag av det som står til Rt. 2006 side 1093, kom Høgsterett fram til at seks månader av straffa på to års fengsel kunne gjerast om til vilkårsstraff.

 

Spørsmålet om soning etter straffegjennomføringslova § 12 hadde vore eit tema for lagmannsretten. Høgsterett peikte på at domstolane i ei lang rekkje tilfelle hadde teke stilling til om det burde vere høve til slik soning eller ikkje, trass i at ei slik avgjerd høyrer inn under kriminalomsorga. Slike fråsegner frå domstolane måtte i så fall vere baserte på brei kunnskap både om den noverande livssituasjonen til den domfelte og om den føregåande utviklinga.

 

Les heile avgjerda