Valdtekter. Spørmål om bruk av forvaring
Høgsteretts dom 16.05.2007, HR-2007-00883-A, (sak nr. 2007/238), straffesak, anke
Straffelova § 39c nr. 1
A (advokat Odd Rune Torstrup) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Ingrid Johansen)
Rt-2007-791
Dommarane: Utgård, Falkanger, Endresen, Bruzelius, Gjølstad
Utmåling av oppreising til krenkt.
Hovudspørsmålet i saka var om det skulle givast dom på forvaring overfor ein 22 år gammal ikkje tidlegare straffedømd mann, etter domfelling for fire tilfelle av valdtekt, eller om det skulle nyttast tidsfastsett straff. Det var også spørsmål om utmålingsprinsippa for oppreising for eit tilfelle av valdtekt som skjedde i 1999.
Høgsterett kom til at det måtte nyttast ei tidsfastsett straff på fengsel i fem år, som var det same som tingretten hadde kome til – likevel slik at han der var domfelt for ytterlegare ei valdtekt eller i alt fem valdtekter. Lagmannsretten hadde under dissens frå ein lagdommar fastsett straffa til forvaring med ei tidsramme på seks år og ei minstetid på fire år.
Ut frå ein gjennomgang av handlingane og ut frå personundersøking og fråsegn frå rettsoppnemnde sakkunnige, vart det uttala at det var vanskeleg å seie anna enn at det var fare for gjentaking, om ein tenkte seg at den dømde vart sett fri på domstidspunktet. Samtidig vart det vist til at domfelte ikkje tidlegare hadde fått straffereaksjonar og at det var tale om ein ung person i denne samanheng. Vurderinga av tilbakefallsfaren vil vere meir usikker til yngre lovbrytarar det er tale om. Vurderinga på dette punktet var ikkje tvillaus.
Bruk av forvaring måtte målast opp mot ei tidsfastsett straff, som her måtte vere fengsel i fem år. Om det var nødvendig med bruk av forvaring ut frå omsynet til samfunnsvernet, måtte vurderast ut frå situasjonen ved soning av fengselsstraffa utan prøvelauslating. Det vart då vist til at domfelte var relativt ung på handlingstidspunktet – mellom 20 og 21 år ved dei siste handlingane. I praksis har det vore ei viss varsemd med å nytte forvaring overfor slike unge lovbrytarar. Han har heller tidlegare ikkje fått den korreksjonen som ligg i bruken av fengselsstraff. I lys av dette var det i det minste slik tvil om det var tilstrekkeleg grunnlag for å nytte forvaring, at denne tvilen måtte slå gjennom.
Straffa vart ut frå dette sett til fengsel i fem år.
Anken over utmåling av oppreising til 75 000 kroner for ei valdtekt i 1999 kunne ikkje føre fram, sjølv om nivået på oppreising fastsett i 1999 var lågare enn dette. Det vart vist til at det har skjedd ei gradvis endring i straffenivået for valdtekt dei seinare åra. Dette skjedde også før lovendring i 2000, og det bygde på ei endra oppfatning av skadeverknadene av valdtekt. Det må då også vere høve til ei justering av utmålingane. Endringane hadde dels også samanheng med endringar i pengeverdien.