Normpris for utvunnen petroleum
Høgsteretts dom 4.12.2007, HR-2007-02029-A, (sak nr. 2007/333), sivil sak, anke
Petroleumsskattelova § 3 første ledd bokstav a jf. § 4 første ledd
TOTAL E&P Norge AS (advokat Jan B. Jansen) mot staten v/Oljeskattekontoret (Regjeringsadvokaten v/advokat Goud Helge Homme Fjellheim)
Rt-2007-1729
Dommarane: Stang Lund, Oftedal Broch, Sverdrup, Indreberg, Lund
I januar 2001 inngjekk Statoil og Total ein avtale om oljebyte, der Statoil kvart år kjøper Totals mindre lottar av råolje frå sju felt i den nordlege delen av Nordsjøen, og Total kjøper Statoils mindre lott av råolje i Ekofisk. Samtidig inngjekk Statoil og Total ein serviceavtale som inneber at Statoil skal gi råd og assistanse til Total i samband med disponering av Totals samla lott av olje i felta i den nordleg delen av Nordsjøen. Vederlaget for råd og assistanse var i 2001 ca. 14,6 millionar kroner. Av dette førte Total ca. 9,6 millionar kroner til frådrag i sokkelinntektene i 2001 og resten i 2002. Oljeskattekontoret godtok ikkje frådraget, og i ei endringssak blei sokkelinntekta for Total for 2001 auka med same sum som det selskapet hadde ført til frådrag. Ei klage til Klagenemnda for oljeskatt førte ikkje fram.
Total reiste sak om gyldigheita av likninga. Tingretten oppheva likninga og vedtok at det skulle gjerast frådrag for vederlag etter serviceavtalen. Lagmannsretten fann at det ikkje kunne gjerast slikt frådrag etter normprisreglane.
Anken over rettsbruk i lagmannsretten førte ikkje fram. Høgsterett kom til at vederlaget etter serviceavtalen ikkje gjaldt kostnader som hadde komme før normprispunktet, men måtte reknast som ein avtale om reduksjon av oljeprisen som ikkje gir rett til frådrag i brutto sokkelinntekt. Reglane om normpris føreset at seljaren skal utføre alle oppgåver som er nødvendige for å levere råolje på normprispunktet. Tilnærma alle oppgåver som Statoil skal utføre etter serviceavtalen, er også omfatta av salsavtalen. Total hadde ikkje meir spesifikt kunna seie kva for oppgåver Statoil etter serviceavtalen måtte ha utover det som følgde av salsavtalen. Når Totals årlege samla lott av råolje er overført til Statoil, som er operatør for dei aktuelle felta og anlegga for behandling av petroleum og lagring og lyfting av råolje, må salet innebere at Statoil må gjere det nødvendige for å lyfte oljen saman med sin eigen og statens olje.