Spørsmål om krav til kontradiksjon var mishalde

Høgsteretts orskurd 28.08.2007, HR-2007-01497-A, (sak nr. 2007/463), sivil sak, anke
Kvinesdal kommune (advokat Ove Chr. Lyngholt) mot Alis Karin Skranefjell m.fl. (advokat Per Øyvin Andersen)

Rt-2007-1196

Dommarane: Tønder, Flock, Bruzelius, Stabel, Gjølstad

Saka gjaldt spørsmålet om kravet til kontradiksjon var mishalde ved at lagmannsretten i eit overskjønn hadde basert erstatningsutmålinga på eit faktisk grunnlag som partane ikkje hadde hatt høve til å uttale seg om.

 

Overskjønnet gjaldt ekspropriasjon av grunn i samband med gjennomføringa av reguleringsplanen for eit nytt bustadfelt i Kvinesdal kommune. Tingretten fastsette erstatninga som strøkpris til 18 kroner per kvadratmeter med grunnlag i omsetningsverdi som råtomt. Lagmannsretten sette erstatninga til 25 kroner per kvadratmeter. Lagmannsretten la til grunn at ein privat utbyggjar ville ha oppnådd tilsvarande finansiering frå den såkalla Listerpakken som det Kvinesdal kommune hadde oppnådd, det vil seie ein million kroner. Dette fekk innverknad på kor mykje ein privat utbyggjar ville ha vore villig til å betale for grunnen. Listerpakken er namnet på ei tilskotsordning som er løyvd over statsbudsjettet. Midlane blir fordelte etter forhandlingar mellom Statens vegvesen og dei kommunane som er påverka av utbygginga av E 39 i vestre del av Vest-Agder.

 

Kommunen anka over saksbehandlinga på grunn av manglande kontradiksjon. Det blei vidare hevda at ein privat utbyggjar ikkje ville kunne oppnå tilsvarande finansiering frå Listerpakken som kommunen.

 

Høgsterett behandla saka skriftleg, jf. tvistemålslova § 380 første ledd.

 

Det var ikkje omtvista at partane under overskjønnet ikkje gjorde gjeldande utsiktene til finansiering frå Listerpakken. Høgsterett fann det klart at lagmannsretten hadde gjort ein saksbehandlingsfeil som kunne ha verka inn på erstatningsutmålinga. Overskjønnet blei oppheva og vist tilbake til ny behandling.

 

Les avgjørelsen i sin helhet