Handsaming i avdeling av vidare anke vedrørande statens Kartverts nekting av tinglysing

Høgsteretts orskurd 18.09.2008, HR-2008-01588-A, (sak nr. 2008/747) sivil sak, anke over orskurd
Dokumentavgiftslova § 7
Bjørghild Dahl (advokat Henrik A. Jensen) mot statens Kartverk Eiendom (regjeringsadvokaten Sven Ole Fagernes)

Dommarane: Bårdsen, Tønder, Fock, Stabel, Stang Lund

Saka gjaldt handsaming i avdeling av vidare anke (etter tvistelova) over lagmannsrettens avgjerd i kjæremål (etter tvistemålslova) om Statens kartverks nekting av å tinglyse skøyte for å overføre heimel til ideell halvpart av ein bustadeigedom. Avtalen om overdraging var nesten 18 år eldre enn opprettinga av skøyte og kravet om å få tinglyst overdraginga. Spørsmålet for Høgsterett var om ein ved utrekninga av avgift etter dokumentavgiftslova § 7 med tilhøyrande forskrifter skulle byggje på historisk verdi eller på marknadsverdien på tinglysingstidspunktet.

Lagmannsretten hadde lagt til grunn at marknadsverdien på tinglysningstidspunktet er utgangspunktet for avgiftsutrekninga. Høgsterett var einig med lagmannsretten og forkasta anken. Sjølv om ordlyden ikkje er klar eller eintydig verken i lova eller i forskrifta, følgjer det av systemet og innrettinga av lova at tinglysingstidspunktet må leggjast til grunn. Ei slik løysing har òg støtte i forarbeida og nyare praksis i Statens kartverk og Toll- og avgiftsdirektoratet, og ho er støtta av omsynet til ei praktikabel og etterprøvbar utrekning av dokumentavgifta.

Les avgjørelsen i sin helhet