Krav om erstatning frå Norsk Pasientskadeerstatning (NPE)

Høgsteretts dom 15.10.2008, HR-2008-01795-A, (sak nr. 2008/568), sivil sak, anke over dom
Skadeserstatningslova § 3-2a
A (Steinar Winther Christensen) mot staten v/Pasientskadenemnda (advokat Felix Lous)

Dommarane: Tønder, Flock, Bruzelius, Endresen, Tjomsland

Saka gjaldt krav om erstatning frå Norsk Pasientskadeerstatning (NPE). Spørsmålet var om erstatning for tap i framtidig inntekt og meinerstatning skulle målast ut etter regelen om standardisert erstatning for barn, skadeserstatningslova § 3-2a, eller om dei alminnelege reglane i lova skulle brukast, jf. skadeserstatningslova § 3-1 og § 3-2.

A fekk i 1985 fjerna ein svulst i hjernen. I 1991 blei det oppdaga ny svulstdanning, og denne blei fjerna ved ny operasjon. Etter operasjonen fekk A store helseproblem som gjorde han 100 % arbeidsufør. Han hadde vore til årlege kontrollar ved Buskerud sentralsjukehus i åra 1987 til 1989 utan at svulstdanninga var blitt oppdaga. Det var klart at svulsten burde vore oppdaga allereie i 1987, og at skadeverknadene ved operasjonen ville ha blitt langt mindre dersom inngrepet hadde skjedd på det tidspunktet. I 1987 var A 14 år, mens han i 1991 var 18 år.

A kravde erstatning frå NPE for skadeverknadene som kom av den mangelfulle diagnostiseringa i 1987. Etter skadeserstatningslova § 3-2a skal erstatning målast ut som standardisert erstatning dersom den skadelidde ”på skadetida” ikkje er fylt 16 år. A fekk erstatning frå NPE utmålt etter reglane om standarderstatning for barn, fordi ”skadetida” blei rekna som tidspunktet for den skadevaldande handlinga, det vil seie i 1987. A meinte at ”skadetida” måtte vere tidspunktet då skaden blei konstatert, og kravde at utmålinga skulle skje etter dei vanlege reglane i lova. I 1991 hadde A byrja ein yrkeskarriere som tilsa ei erstatning som, målt ut etter dei vanlege reglane i lova, klart oversteig standarderstatninga. 

A vann ikkje fram verken for tingretten eller for lagmannsretten. Heller ikkje Høgsterett gav A medhald. Sjølv om det ut frå formålsomsyn kunne argumenterast for at aldersgrensa på 16 år skulle knytast til tidspunktet då skaden blei konstatert, gav forarbeida ein eintydig definisjon av ”skadetida” som tidspunktet då den skadevaldande handlinga eller hendinga skjedde, og det blei rekna som avgjerande for tolkinga.

Les avgjørelsen i sin helhet