Spørsmål om ein anke var for sent fremsett, særleg om ankefristen løper i rettsferien

Høgsteretts orskurd 30.09.2008, HR-2008-01669-U, (sak nr. 2008/1358), sivil sak, anke over orskurd
Per Danielsen (advokat Per Danielsen) mot Elisenberg Eiendomsmegling AS (advokat John M. Hammervoll)

Dommere: Utgård, Stang Lund, Gjølstad

Hovudspørsmålet i saka var om dagane i rettsferien går inn i ankefristen på ein månad eller om desse dagane kjem i tillegg.

Ankeutvalet i Høgsterett slutta seg til lagmannsretten som hadde kome til at dagane i rettsferien kjem i tillegg til den vanlege ankefristen på ein månad. Domstollova § 140 vart endra i samband med den nye tvistelova. Etter endringa fastset § 140 andre ledd at fristar for prosesshandlingar som er nødvendige for å hindre fraværsavgjerder ikkje løper i rettsferiane. Oversitjing av ankefristen blir rekna som fråvær etter tvistelova § 16-7 første ledd bokstav d, og ei avgjerd om å avvise anken på grunn av fråvær må reknast som ei fråværsavgjerd.

Utvalet la til grunn den løysinga som følgjer av ordlyden i domstollova § 140, sett i samanheng med føresegna om fråvær i tvistelova. Det vart vist til at det er avgjerande at brukarar kan fastslå innhaldet av reglane gjennom å lese lovteksten utan å gå inn på lovførearbeid eller rettspraksis. Det må vera opp til lovgivar å endre lova.

Les avgjørelsen i sin helhet