Oppreising for urettkomen strafforfølgning
Høgsteretts dom 26.06.2008, HR-2008-01155-A, (sak nr. 2008/179), sivil sak, anke
Straffelova § 447
A (advokat Vegard Bø Bahus) mot staten v/Justis- og politidepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Anne Hesjedal Sending)
Dommarane: Utgård, Matningsdal, Gussgard, Stang Lund, Schei
Høgsterett kom til at der ein person har vore varetektsfengsla, vil følgjene av dette gå etter § 447 første ledd. Følgjer som ikkje er konsekvensar av bruk av tvangsmiddel, vil derimot vere omfatta av § 447 andre ledd.
A hadde vore sikta for mellom anna valdtekt til samleie og utuktig handling overfor den eldste dottera si, og for utuktig omgang overfor den yngste. Han var tiltala for valdtekt til samleie, samleie med mindreårig under 14 år og incest i høve til den eldste. Elles vart saka lagt bort etter bevisstillinga. A vart frifunnen i tingrett og lagmannsrett.
A vart pågripen saman med ektefellen på ein dramatisk måte ved ei forretning i bygda, av tre polititenestemenn, av dei to i uniform. Det var tale om ei alvorleg sikting, som var sosialt stigmatiserande og infamerande, og som vart kjend både gjennom media og på grunn av pågripingsmåten. Familiesituasjon vart sterkt påverka. Som følgje av siktinga vart han også suspendert frå stillinga som reinhaldar i kommunen, og seinare oppsagt etter å ha vore søkt omplassert.
Høgsterett fastsette oppreisinga etter § 447 andre ledd til 60 000 kroner. Det vart mellom anna vist til omsynet til samhøve med nivå for oppreising til krenkte ved seksualbrotsverk, og også til nivået som er forskriftsregulert for oppreisning for tvangsmiddel.
Det var også spørsmål om frå kva tidspunkt renterekninga skal skje. Høgsterett kom til at Justissekretariata si fastsetjing gir grunnlag for å seie at det er etablert eit krav. Rente skal då betalast frå 30 dagar etter dette.