Føretaksstraff. Rett ansvarssubjekt ved overdraging av verksemd
Høgsteretts dom 19.09.2008, HR-2008-01601-A, (sak nr. 2008/634), straffesak, anke over dom
Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Morten Eriksen) mot X AS (advokat Morten Goller)
Dommarane: Utgård, Oftedal Broch, Matningsdal, Bårdsen, Gussgard
Føretaksstraff. Rett ansvarssubjekt ved overdraging av verksemd – sal av ”innmat” frå eit selskap til eit anna.
Y AS overdrog verksemda i ein divisjon av selskapet til X AS. Overdraginga skjedde ved såkalla innmatsal. Etter overføringa vart X gitt førelegg for brot på konkurranselova, for handlingar som skal ha skjedd før overdragingstidspunktet. X vedtok ikkje førelegget og viste særleg til at føretaket ikkje kunne vere rett ansvarssubjekt.
Spørsmålet om X var rett ansvarssubjekt etter straffelova § 48a for mogelege brot på konkurranselova av 1993 § 6-6, jf. § 3-2 var skilt ut til særskilt behandling, jf. straffeprosesslova § 288. Høgsterett kom – til liks med dei tidlegare rettane – til at X ikkje var rett ansvarssubjekt.
X hadde som overtakande føretak teke over ein del av verksemda i Y. Men Y hadde ikkje opphøyrt. Det var ingen økonomiske eller strukturelle band mellom dei to føretaka. I denne situasjonen kunne X ikkje påleggjast føretaksstraff etter straffelova § 48a.