Straffutmåling – forsøk på forsettleg drap.
Høgsteretts dom 19.09.2008, HR-2008-01593-A, (sak nr. 2008/921), straffesak, anke over dom
Straffelova § 44
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Tormod Haugnes) mot A (advokat Odd Rune Torstrup)
Dommarane: Oftedal Broch, Matningsdal, Utgård, Øie, Gussgard
A blei i Stavanger tingrett frifunnen for drapsforsøk fordi han var utilrekneleg, jf. straffelova § 44. Etter anke til Gulating lagmannsrett blei han funnen skuldig etter tiltalen, som òg omfatta to andre tiltalepostar. Han blei dømd til fengsel i tre år, og av dei var to år på vilkår. Han fekk varetektsfrådrag med 320 dagar. Drapsforsøket var det dominerande ved straffutmålinga.
Påtalemakta anka over straffutmålinga. Fleirtalet i Høgsterett – tre dommarar – gav ikkje anken medhald. Fleirtalet la i grunngivinga særleg vekt på to forhold: for det første omstenda rundt drapsforsøket og dei føregåande månadene og dernest ei sterk rehabilitering seinare.
Drapsforsøket blei gjort på eit heilt tilfeldig offer, ei 75 år gammal kvinne, i heimen hennar ein laurdagskveld. Ho blei sterkt skadd. Det var ikkje noko samband mellom den domfelte og den krenkte, og handlinga verka heilt meiningslaus. Den domfelte hadde sprunge ut av eit hus i nærleiken, der han hadde sete saman med venner og teke inn fleire typar narkotiske stoff. Også i månadene før drapsforsøket hadde han ved fleire tilfelle vist manglande kontroll over kjenslene sine, blant anna forsettleg skadd seg sjølv og rasert møblar, dører og anna.
I den seinare tida synest den domfelte å ha komme inn i eit heilt anna spor. Han har fått god medisinsk oppfølging, har byrja på skole og gjort det bra der, og no er han kommen i lære. Men det er tydeleg at han framleis er i ein svært sårbar situasjon. Etter fleirtalet si oppfatning vil samfunnets krav på vern i dette tilfellet vere betre sikra ved at den domfelte får høve til å halde fram behandlinga ved psykiatrisk klinikk samtidig som han går vidare med utdanninga.
Fleirtalet lét på denne bakgrunnen dommen i lagmannsretten bli ståande, men likevel slik at prøvetida for vilkårsdelen av dommen blei sett til tre år.
Mindretalet viste til at ved eit så alvorleg brotsverk måtte personlege forhold tre i bakgrunnen, og at dei dermed ikkje kunne støtte opp om ein deldom.