Valdtekt til seksuell omgang med sovande person
Høgsteretts dom 18.06.2008, HR-2008-01089-A, (sak nr. 2008/565), straffesak, anke
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Anja Bech)
Dommarane: Utgård, Kaasen, Tønder, Coward, Schei
Valdtekt til seksuell omgang med sovande person, incest og krenkjande seksuell åtferd. Straffutmåling.
Saka gjaldt straffutmåling for valdtekt til seksuell omgang med sovande person, incest og krenkjande seksuell åtferd.
A hadde samværsrett med dottera. Han var dømd for å ha onanert i påsyn av henne, på stova i leilegheita si der begge sov under samværa, frå dottera var ca. 15 til ho var 17 år. Han var også dømd for valdtekt til seksuell omfang med sovande person. Dette skjedde då han masserte dottera og deretter – etter at ho hadde sovna – gnei henne 15 – 20 gonger over kjønnsorganet hennar og også hadde fingrar inne i skjeden hennar.
Høgsterett la i straffutmålinga vekt på at domfelte ved onaneringa hadde seksualisert samværet mellom dei to. Det var også ein seksualisert veremåte som var grunnlaget for valdtekta til seksuell omgang. Desse handlingane representerte alvorlege tillitsbrot frå faren overfor dottera, i og med at det hadde skjedd frå ein som skulle verne henne og i og med at dette hadde skjedd i det som under samværa også var hennar heim.