Bruk av parkprinsippet ved innløysing av areal regulerte til friområde
Høgsteretts dom 03.06.2009, HR-2009-01130-A, (sak nr. 2008/1971), sivil sak, anke over dom
Vestby kommune (advokat Svein Arild Pihlstrøm) mot Bjørg Fjeldstad mfl. (advokat Harald Sletner)
Dommarane: Stabel, Falkanger, Tønder, Coward, Lund
Saka gjeld spørsmål om bruk av parkprinsippet ved innløysing av areal som er regulerte til friområde.
Ved reguleringsplan i 2001 blei to ubygde tomter på 1,8 dekar kvar i strandsona like ved Son sentrum regulerte til friområde. På tomtene rundt var det stort sett bygd hytter. Grunneigarane kravde innløysing etter plan- og bygningslova § 42, med krav om erstatning etter tomtepris. Tingretten fann ikkje grunnlag for noko erstatningskrav. Ved overskjønnet tilkjende fleirtalet – skjønnsmennene – erstatning etter det såkalla parkprinsippet, med utjamna strøkspris, med 1,5 millionar kroner for kvar tomt.
Høgsterett oppheva overskjønnet på grunn av feil ved rettsbruken. Utgangspunktet er at reguleringsformålet er bindande for erstatningsfastsetjinga, jf. ekspropriasjonserstatningslova § 5. I høgsterettspraksis er det utvikla eit unntak for areal fastsette for å tilfredsstille særlege behov for bebuarane i et utbyggingsområde – såkalla interne friareal. Ut frå formålet med reguleringsplanen var dette ikkje tilfellet i saka. Kommunen hadde ønskt å halde attverande opne areal mot sjøen ubygde, først og fremst av generelle naturvernomsyn, men også for å sikre allmenta tilgang til strandområdet. At arealet låg i ein bratt skrent og var vanskeleg tilgjengeleg, kunne ikkje vere avgjerande, så lenge det klart ikkje var meint først og fremst å vere til internt bruk for bebuarane.