Erstatningskrav mot tidligare arbeidsgivar

Høgsteretts orskurd 05.06.2009, HR-2009-01156-A, (sak nr. 2009/188), sivil sak, anke over dom

X kommune (advokat Tor Plahte) mot A (advokat Bent Endresen)

Arbeidsmiljølova § 17-4

Dommarane: Øie, Stang Lund, Bruzelius, Falkanger, Gjølstad

Saka gjaldt eit erstatningskrav sett fram mot ein tidlegare arbeidsgivar av ein arbeidstakar som hadde sagt opp stillinga si på dagen. Hovudspørsmålet var om saka skulle ha vore avvist fordi søksmålsfristen i arbeidsmiljølova § 17-4 ikkje var halden. Saka reiste spørsmål om bruksområdet for dei særlege prosessreglene i arbeidsmiljølova kapittel 17, og om tolking av § 17-4 om søksmålsfrist.

A byrja i 1992 som renovatør i X kommune. Den 2. januar 2006 sa han opp stillinga på dagen. Seinare same månad bad han likevel om eit forhandlingsmøte og viste til at oppseiinga hadde skjedd under brestande føresetnader. Då det ikkje blei noko slikt møte, tok A i mai 2007 ut stemning mot X kommune med krav om erstatning og oppreising.

Stavanger tingrett frifann kommunen. Gulating lagmannsrett påla derimot kommunen å betale erstatning og oppreising til A. Avgjerda blei gitt under dissens.

X kommune anka til Høgsterett over sakshandsaminga. Det blei gjort gjeldande at saka skulle ha vore avvist fordi søksmålsfristen i arbeidsmiljølova § 17-4 ikkje var halden. Dei tidlegare instansane hadde vore inne på avvisingsspørsmålet, men det hadde ikkje vore gitt noka omfattande vurdering.

Høgsterett fann at saka måtte avvisast fordi søksmålsfristen i § 17-4 ikkje var halden. 

Les avgjørelsen i sin helhet