For sein levering av sjølvmelding

Høgsteretts dom 26.03.2009, HR-2009-00692-A, (sak nr. 2009/32), straffesak, anke over dom

Likningslova § 12-1 nr 1 bokstav d

Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Morten Eriksen) mot A (advokat Bjørn Rudjord)

Dommarane: Endresen, Coward, Bruzelius, Bårdsen, Lund

Saka gjaldt bruk av straffeføresegna i likningslova § 12-1 nr. 1 bokstav d når sjølvmelding ikkje er innlevert innan den fastsette fristen, og næringsoppgåver ikkje er innleverte.

For eit av dei aktuelle åra var sjølvmeldinga innlevert etter at den ordinære likninga var avslutta og skattelista lagd ut. Høgsterett fann at denne forseinkinga var vesentleg. Det blei likevel lagt til grunn at det for domfelling etter likningslova § 12-1 nr. 1 bokstav d også måtte krevjast at den vesentlege forseinkinga kunne reknast som eit vesentleg brot på likningslova. Ved denne vurderinga må forseinkinga stå sentralt, men det vil òg i nokon monn vere rom for å trekkje inn andre omstende som er viktige for vurderinga av forholdet.

I det konkrete tilfellet blei skattytaren etter klage likna i samsvar med  sjølvmeldinga. Inntekta var svært lita. Næringsoppgåver skulle vore utfylte, men det blei ikkje drive næringsverksemd dei aktuelle åra. Under desse omstenda var det ikkje feil rettsbruk når lagmannsretten etter ei heilskapsvurdering hadde komme til at kravet i § 12-1 nr. 1 bokstav d om eit vesentleg brot ikkje var oppfylt.

Les avgjørelsen i sin helhet