Forsøk på grovt bedrageri og dokumentfalsk

Høgsteretts dom 27.03.2009, HR-2009-00703-A, (sak nr. 2009/76), straffesak, anke over dom

A (advokat Anders Brosveet) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Arild Oma)

Dommarane: Bruzelius, Tønder, Bårdsen, Endresen, Stang Lund

A var i tingretten blitt dømd for forsøk på grovt bedrageri og dokumentfalsk. I samsvar med tiltalevedtaket la tingretten til grunn at han hadde prøvd å lokke namsmannen til å ta utlegg hos X AS ved hjelp av eit gjeldsbrev der han hadde forfalska underskrifta til ein tidlegare konsernsjef i selskapet. Anken til lagmannsretten gjaldt straffutmålinga, og retten forkasta anken.  

Anken til Høgsterett gjaldt lovbruken, sakshandsaminga og straffutmålinga.  

Høgsterett oppheva dommane og hovudforhandlingane i begge dei tidlegare instansane, sidan det forholdet som var framstilt i tiltalevedtaket, og som tingretten hadde lagt til grunn, ikkje er bedrageri etter straffelova § 270 første ledd nr. 1. Domfelling etter denne føresegna krev at den som er lokka til handling, eller den han handlar for, er utsett for tap eller fare for tap. 

Les avgjørelsen i sin helhet