Lagmannsrettens sakshandsaming i samband med delvis nekting av anke i straffesak
Høgsteretts dom 23.04.2009, HR-2009-00878-A, (sak nr. 2009/155), straffesak, anke over dom
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)
Dommarane: Bårdsen, Tønder, Coward, Bruzelius, Gjølstad
Saka gjaldt sakshandsaminga i lagmannsretten i samband med delvis nekting av anke i straffesak, og den etterfølgjande pådømminga av dei delane som blei fremma til ankehandsaming. Hovudspørsmåla var om nektinga skulle ha vore grunngitt, om ein ved anke over den etterfølgjande dommen kunne oppheve nektingsavgjerda, og om ei slik oppheving også måtte få konsekvensar for dommen i lagmannsretten.
A var i tingretten dømd for ei rekkje narkotikabrotsverk, blant anna oppbevaring av 7,3 kilo metamfetamin (post I – straffelova § 162 første jf. tredje ledd) og sal av narkotika (post IV – straffelova § 162 første ledd). Anken hans til lagmannsretten over bevisvurderinga under skuldspørsmålet blei ved ikkje grunngitt avgjerd nekta når det gjaldt fellinga for sal, men fremma når det gjaldt oppbevaring. Anken blei også nekta for ein del av tingrettens inndragingsavgjerd.
Under tilvising til Høgsteretts storkammeravgjerd i Rt. 2008 side 1764, side 1783 og side 1786, samanhalde med Høgsteretts avgjerd 4. mars 2009 (HR-2009-00529-A), kom Høgsterett til at lagmannsrettens nektingsavgjerd måtte opphevast, sidan ho ikkje var grunngitt. Dette omfatta også nektinga av anken i inndragingsspørsmålet.
I samband med avgjerda av skuldspørsmålet for lagmannsretten – som var sett med lagrette – om oppbevaringa av 7,3 kilo metamfetamin, blei det gjennomført dokumentasjon omkring salsposten med det utgangspunkt at skuldspørsmålet for denne var endeleg avgjort i og med dommen i tingretten. Ettersom Høgsterett måtte oppheve lagmannsrettens avgjerd om å nekte denne delen av anken, utgjorde dette ein sviktande føresetnad. Høgsterett fann at informasjonen som lagretten hadde fått om salsposten – på grunn av aktuelle samanhengar i bevisføringa og bevisbiletet elles – var eigna til å påverke bevisvurderinga under skuldspørsmålet for oppbevaringsposten. Ein kunne ut frå dei konkrete forholda heller ikkje sjå bort frå at minst éin lagrettemedlem hadde lagt vekt på eller var blitt påverka av informasjonen. Også lagmannsrettens dom med ankeforhandling måtte då opphevast.