Spørsmål om habilitet - høgsterettsdommar Skoghøy

Høgsteretts orskurd 02.04.2009, HR-2009-00752-P, (sak nr. 2009/202 og sak nr. 2009/397), straffesaker, ankar over dom

A (advokat Steinar Thomassen) mot Den offentlege påtalemakta og B (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta

Dommarane: Utgård, Gjølstad, Lund, Gussgard, Tjomsland, Stang Lund, Matningsdal, Bruzelius, Stabel, Øie, Tønder, Endresen, Indreberg, Bårdsen, Schei

Saka gjaldt spørsmålet om ein dommar er habil til å vere med på å avgjere habilitetsspørsmålet for ein anna dommar, etter å ha reist spørsmål om habiliteten til denne. Habilitetsspørsmålet knyter seg til to plenumssaker om den norske juryordninga er i strid med menneskerettskonvensjonar.

Etter at dommarane i Høgsterett av justitiarius var bedne om å melde frå om eventuell inhabilitet, gjorde dommar Skoghøy merksam på at han meinte at dommar Coward er inhabil. Han sende eit skjermbrev der han utdjupa dette. Dessutan gav han uttrykk for sitt syn i eit manuskript som vart delt ut under eit nordisk møte for høgsterettsdommarar eit par dagar før plenumsbehandlinga. Spørsmålet var om dommar Skoghøy hadde uttala seg på ein måte som gjorde at han var inhabil til å vere med på å avgjere spørsmålet om dommar Coward er inhabil.

Ein samrøystes Høgsterett i plenum la til grunn at dommar Skoghøy ikkje var inhabil. Det vart vist til at det er viktig at spørsmål om mogeleg inhabilitet blir tekne opp. Sjølv om dommar Skoghøy hadde gitt uttrykk for ei meining om spørsmålet, la Høgsterett til grunn at han ikkje hadde kome til ein endeleg konklusjon. Det vart også vist til at det var tale om eit rettsspørsmål og ikkje om ei bevisvurdering. Det var ikkje grunnlag for å seie at han gjennom manuskripetet utdelt til nordiske høgsterettsdommarar hadde bunde seg meir enn det som eventuelt hadde skjedd gjennom meldinga til justitiarius.

Les avgjørelsen i sin helhet