Straffutmåling for to personar som er dømde i samband med fangeflukt
Høgsteretts dom 02.04.2009, HR-2009-00743-A, (sak nr. 2008/1990), sstraffesak, anke over dom
A (advokat Berit Reiss-Andersen) og B (advokat Øystein Storrvik) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Pål Berg)
Dommarane Tønder, Matningsdal, Utgård, Falkanger, Gjølstad
Saka gjaldt straffutmåling for to personar som er dømde for brot på forskjellige straffeføresegner i samband med fangeflukt.
Fangeflukta skjedde under eit heimebesøk med to fengselstilsette som følgje, og flukta blei arrangert som ei fiktiv kidnapping av fangen. Sjølve ”kidnappinga” blei gjennomført på ein skremmande måte og med brutal framferd mot dei to fengselstilsette. Dei har seinare fått varige psykiske men og har måtta slutte i tenesta i fengselsstellet. Saka for Høgsterett gjaldt den innsette og bror hans, som deltok både ved planlegginga og ved gjennomføringa.
Lagmannsretten skjerpa straffa i forhold til dommen i tingretten og sette straffa for den innsette til fengsel i tre år og seks månader og for broren til to år og seks månader.
Høgsterett forkasta ankane frå dei domfelte. Det vart særleg vist til den brutale måten flukta blei gjennomført på, som innebar klart påreknelege skadeverknader for dei to fengselstilsette, og at dette skjedde ved at vaktaroppgåva til fengselstenestemennene blei sett ut av funksjon. Sterke allmennpreventive omsyn tilsa at ein reagerte strengt på handlingar som hindra dei i å utføre tenesta – særleg når det skjedde på ein så graverande måte som i dette tilfellet. Til ei utsegn frå forsvararen til den innsette om at straffa burde reduserast i samsvar med prinsippet i straffelova § 64, sidan straffa måtte sonast i samanheng med den straffa han skulle rømme frå, viste retten til Rt. 2005 side 1625. Det blei lagt til at reduksjon på eit slikt grunnlag ville, i eit tilfelle som dette, verke direkte støytande.