Straffutmåling i samband med falske kredittkort
Høgsteretts dom 26.03.2009, HR-2009-00693-A, (sak nr. 2008/1952), straffesak, anke over dom
A (advokat Erling O. Lyngtveit), B (advokat Frode Sulland) og C (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)
Dommarane: Bårdsen, Endresen, Coward, Bruzelius, Lund
I alt 16 menn var sette under tiltale for lovbrot i perioden 2004–2006 i tilknyting til innførsel av falske kredittkort, ulovlig avlesing (”skimming”) av ekte kort i Noreg, produksjon av falske kort, medverknad til anskaffing av falske kort, og ei rekkje betalingstransaksjonar som i dei fleste tilfella skjedde etter avtale med innehavarane av betalingsterminalane. Tiltalen bygde på at fleire av dei tiltalte utgjorde ei organisert kriminell gruppe som dreiv ei verksemd med internasjonale forgreiningar. For hovudmannen gjaldt tiltalen blant anna bedrageri for ca. 5,3 millionar kroner. Anken for Høgsterett gjaldt tre av dei andre tiltalte, som hadde mindre sentrale roller.
Høgsterett tok opp det generelle straffenivået i slike saker, trekte linjer til pengefalsk og uttalte at samfunnsstraff normalt vil vere lite aktuelt.
Straffa for ein som hadde medverka til produksjon av eit par hundre falske kredittkort, blei sett til fengsel i eitt år og tre månader, av dette åtte månader på vilkår, ettersom anken til Høgsterett var blitt liggjande hos påtalemakta i om lag ti månader. For ein som hadde prøvd å medverke til at andre skaffa seg falske kredittkort med sikte på bedrageri i utlandet, blei straffa sett til fengsel i ti månader, av dette fem månader på vilkår på grunn av sakshandsamingstida. Ein restauranteigar som mot ein del i utbyttet hadde stilt betalingsterminalen sin til disposisjon ved bedrageria overfor kortselskapa, fekk ei straff av fengsel i 120 dagar. Heile denne straffa blei sett til fengsel på vilkår på grunn av tidsmomentet.