Tilbakekalling av førerett og vilkåra for å gi tilståingsdom

Høgsteretts dom 26.06.2009, HR-2009-01336-A, (sak nr. 2009/679), straffesak, anke over dom

A (advokat Øystein Storrvik) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Anja Bech)

Vegtrafikklova § 33 nr. 1

Dommarane: Matningsdal, Utgård, Indreberg, Tønder, Lund

A var i lagmannsretten dømd til ei bot på kr 7000 og tap av føreretten for ein periode av fire månader for ikkje å ha gitt opp namn og adresse etter å ha køyrt på og skadd ein parkert bil.

Høgsterett oppheva utanfor anken tingrettens dom og lagmannsrettens dom med ankeforhandling, sidan den protokollerte forklaringa i tingretten ikkje inneheldt ei atterhaldslaus tilståing. I dommen er det gjort greie for kva som trengst for at tilståinga skal oppfylle dette grunnvilkåret.

Høgsterett uttalte seg også om kompetansen til å fastsetje tap av føreretten ved brot på vegtrafikklova § 12 tredje ledd fjerde punktum, som seier at ”[h]ar trafikkuhell voldt materiell skade, og det ikke er noen til stede som kan vareta skadelidtes tarv, skal den som har voldt skaden, snarest mulig underrette skadelidte eller politiet om skaden”. Høgsterett kom til at tapsforskrifta § 2-7 nr. 2 ikkje omfattar dette lovbrotet. Dette var likevel ikkje avgjerande, sidan høvet til å fastsetje tap av føreretten ved det aktuelle lovbrotet følgjer direkte av den generelle heimelen i vegtrafikklova § 33 nr. 1 første ledd.

Les avgjørelsen i sin helhet