Dom på vilkår for seksuell omgang
Høgsteretts dom 13.03.2009, HR-2009-00592-A, (sak nr. 2009/64), straffesak, anke over dom
Straffelova § 195 første ledd
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Kjerstin A. Kvande)
Dommarane: Flock, Stabel, Matningsdal, Stang Lund, Coward
Den domfelte var både i tingretten og i lagmannsretten dømd til fengsel i 1 år og 8 månader for fleire tilfelle av seksuell omgang – også eitt som kunne likestillast med samleie, jf. straffelova § 206 – med ei jente i 10–11-årsalderen. Tingretten gjorde 1 år og 2 månader av straffa til fengsel på vilkår, mens lagmannsretten auka vilkårsdelen av straffa til 1 år og 4 månader.
Høgsterett gjorde heile straffa om til fengsel på vilkår. Dei straffbare handlingane blei avslutta då den domfelte var 17 år og 8 månader. Han hadde ein uvanleg tragisk bakgrunn, blant anna sende familien han som 8-åring åleine frå Z til Noreg. Desse momenta ved straffutmålinga kunne tilseie at straffa blei fastsett slik lagmannsretten hadde gjort.
I tillegg kom at barnevernstyresmaktene, etter at dei straffbare forholda kom for dagen, hadde plassert den domfelte ved eit barne- og ungdomssenter i X, der det i byrjinga var døgnbemanning. Han hadde godteke å følgje dette opplegget fram til han fylte 20 år våren 2010. Det regimet som på denne måten omgav – og ville omgi – han, var ei direkte følgje av dei straffbare forholda. Det måtte ved straffutmålinga leggjast stor vekt på desse reaksjonane frå samfunnets side. Det blei også lagt vekt på at han hadde hatt ei svært positiv utvikling sidan skolestart for snart trekvart år sidan.