Krav om erstatning for inntektstap for mor til den direkte skadelidne
Høgsteretts dom 11.10.2010, HR-2010-01704-A, (sak nr. 2010/452), sivil sak, anke over dom
Staten v/Pasientskadenemnda (advokat Ståle Haugsvær) mot A (advokat Steinar Winther Christensen)
Dommarane: Skoghøy, Endresen, Falkanger, Webster, Coward
Saka gjaldt krav om erstatning for inntektstap for mor til den direkte skadelidne etter ein fødselsskade som var dekt av pasientskadeerstatningsordninga.
A fødde 7. januar 2002 sonen B. På grunn av oksygenmangel under fødselen blei B påført cerebral parese av alvorlegaste grad. Han blei 100 prosent medisinsk invalid, hadde ikkje språk og var avhengig av pleie og tilsyn døgnet rundt. Etter som han blei eldre, auka dei motoriske vanskane med nesten kontinuerlege spasmar og epileptiske anfall. B døydde 3. februar 2009. Da B blei fødd, arbeidde mora i X AS. Ho var einsleg forsørgjar, og på grunn av omsorgsbehova til sonen gjekk ho etter fødselen ned i 70 prosent stilling. B fekk fulltidsplass i ein spesialbarnehage. Men fordi han mellom anna var svært sårbar for støy, blei det slitsamt for B å vere i barnehagen, sjølv om han etter kvart fekk einerom med isolerte vegger. Frå juni 2006 slutta derfor A å arbeide i X AS for betre å kunne ta seg av sonen. Etter dette var B lite i barnehagen, og mora hadde stort sett døgnkontinuerleg omsorg for han.
Den 7. april 2006 vedtok Norsk Pasientskadeerstatning at B skulle tilkjennast
kr 6 310 000 i erstatning. Av dette beløpet skulle kr 1 150 000 dekkje framtidige utgifter til pleie og omsorg til han hadde fylt 18 år. A kravde erstatning for inntektstapet ho hadde hatt, og for det ho kom til å få, men dette kravet blei avslått. Pasientskadenemnda stadfesta 9. september 2008 vedtaka i Norsk Pasientskadeerstatning.
A gjekk til søksmål mot staten v/Pasientskadenemnda. Ho tapte i tingretten, men fekk medhald i lagmannsretten. På same måte som for lagmannsretten var partane for Høgsterett einige om at A på grunn av omsorgsansvaret for B hadde hatt eit inntektstap på kr 967 782. Ved denne berekninga var det gjort frådrag for pleiepengar etter folketrygdlova § 9-16, men ikkje for andre ytingar ho hadde fått. Det var heller ikkje gjort frådrag for den erstatninga som skulle dekkje utgifter til pleie og omsorg for B. Det som var omtvista for Høgsterett, var om inntektstapet til A hadde erstatningsrettsleg vern, og, dersom det hadde det, om det ved erstatningsutmålinga skulle gjerast frådrag for omsorgslønn etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav e og for den erstatninga B etter vedtak i Pasientskadenemnda var tilkjend til dekning av pleie- og omsorgsutgifter frå utgangen av 2005 til fylte 18 år. Ved utrekninga av denne erstatningsposten var det lagt til grunn at dei årlege utgiftene til pleie og omsorg ville komme på kr 100 000 per år.
Høgsterett kom til at sjølv om det ved personskade som hovudregel berre er den direkte skadelidne som kan krevje erstatning, kan det så langt det synest rimeleg og nødvendig, også krevjast erstatning for tap ein tredjeperson har. Dersom det ikkje er særlege grunnar for noko anna, må likevel erstatning til dekning av framtidige pleie- eller omsorgstenester tilkjennast den direkte skadelidne, som sjølv må kunne velje kven ho eller han vil ”kjøpe” pleie- eller omsorgstenestene av.
I det svært spesielle tilfellet som låg føre i denne saka, fann Høgsterett at det tapet A hadde lidd ved å måtte slutte i stillinga i X AS og ta seg av sonen på heiltid, låg innanfor det ein måtte sjå som rimeleg og nødvendig å erstatte, og derfor var erstatningsrettsleg verna. Spørsmålet om ein ved erstatningsutmålinga skulle ta omsyn til omsorgslønna, måtte avgjerast etter ”kan”-regelen i skadeserstatningslova § 3-1 tredje ledd andre punktum. Høgsterett fann det ikkje sannsynleggjort at A hadde lidd noko inntektstap som ikkje var blitt erstatta gjennom den erstatninga B var tilkjend til dekning av utgifter til pleie og omsorg. Frifinningsdommen i tingretten blei på dette grunnlaget stadfesta.