Krav om tilleggsvederlag frå ein entreprenør
Høgsteretts dom 4.11.2010, HR-2010-01875-A, (sak nr. 2010/776), sivil sak, anke over dom
Oslo Vei AS (advokat Einar Heiberg) mot Staten v/Samferdselsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Ingrid Skog Hauge)
Dommarane: Skoghøy, Endresen, Webster, Noer, Tjomsland
Saka gjaldt krav om tilleggsvederlag frå ein entreprenør – Oslo Vei AS – som etter ei anbodsinnbyding ved ein femårskontrakt hadde teke på seg drift og vedlikehald av vegar på eit område kalla Romerike midt. Byggherren var Statens vegvesen. Oslo Vei overlét vinterdrifta til ein underentreprenør – Transport-Formidlingen Anlegg AS (TF-Anlegg). Kontrakten mellom Vegvesenet og Oslo Vei var ein funksjonskontrakt med fast pris og utan spesifikasjon av kor mykje salt som skulle leggjast ut. NS 3430 Alminnelige bestemmelser om utførelse av bygg og anleggsarbeider var gjort til ein del av kontrakten. Hovudspørsmålet var kven som hadde risikoen for at det gjennomsnittlege faktiske saltforbruket per vintersesong blei bortimot tre gonger så høgt som gjennomsnittet av det som ved anbodsinnbydinga blei oppgitt som tidlegare saltforbruk.
Tingretten kom til at det auka saltforbruket representerte ein ”vesentlig svikt i forutsetningene for Oslo Veis tilbud” som Statens vegvesen måtte bere risikoen for. Meirkostnaden blei for dei to første vintersesongane av femårsperioden sett til 4 millionar kr, og staten blei dømd til å betale dette beløpet. Lagmannsretten fann det ikkje sannsynleggjort at opplysningane frå Vegvesenet i anbodsgrunnlaget om historisk saltforbruk var feil, og frifann staten. Høgsterett tok anken frå Oslo Vei delvis til følgje.
Høgsterett fann samrøystes at saltforbruket i åra før kontrakten med Oslo Vei blei inngått, var underrapportert, og at det gjennomsnittlege faktiske saltforbruket per sesong var 25–30 prosent høgare enn det som blei oppgitt som historiske tal i anbodsgrunnlaget. Den hovudsaklege forklaringa på at det faktiske saltforbruket etter at Oslo Vei overtok driftsansvaret, hadde blitt bortimot det tredoble av det som ved anbodsinnbydinga blei oppgitt som historiske tal, var likevel at det hadde vore ein vesentleg auke i saltforbruket, og den viktigaste årsaka til auken måtte vere TF-Anleggs val av driftsopplegg og saltingsstrategi. Dette var noko som Oslo Vei måtte ha risikoen for. Derimot var det Vegvesenet som måtte ha risikoen for at det faktiske saltforbruket i åra før kontrakten med Oslo Vei var 25–30 prosent høgare enn dei tala som gjekk fram av anbodsgrunnlaget. Høgsterett fann samrøystes at det ikkje var grunnlag for kontraktrevisjon på grunnlag av ulovfesta reglar om brestande føresetnader eller avtalelova § 36, men at Oslo Vei med heimel i NS 3430 punkt 7.5, jf. punkt 21.1 kunne krevje kompensasjon for meirutgiftene. Det var likevel dissens (3–2) om utmålinga.
Bakgrunnen for dissensen var at det etter avtalen mellom Oslo Vei og TF-Anlegg var Oslo Vei som skulle halde dei saltmengdene som var nødvendige, medan TF-Anlegg skulle leggje dei ut. Opphavleg hadde TF-Anlegg sett fram krav om tilleggsvederlag overfor Oslo Vei for utlegging av større saltmengder enn føresett, men dei hadde seinare gått bort frå dette kravet av kommersielle årsaker.
Fleirtalet i Høgsterett fann at ein måtte forstå uttrykket ”merutgifter” i NS 3430 punkt 7.5, jf. punkt 21.1 slik at Oslo Vei berre kunne krevje å få erstatta dei faktiske kostnadene som hadde komme på, og at selskapet derfor ikkje kunne krevje kompensasjon for at dei måtte leggje ut større saltmengder enn føresett. Det Oslo Vei, slik fleirtalet såg det, kunne krevje å få erstatta, var utgiftene til å skaffe og lagerføre gjennomsnittleg 25–30 prosent meir enn det som i anbodsgrunnlaget blei oppgitt som gjennomsnittleg tidlegare årsforbruk. Etter ei skjønnsmessig vurdering blei erstatninga for heile kontraktperioden på fem år fastsett til eit rundt beløp på 2 millionar kroner, som også inkluderte rentetap fram til forfallstidspunktet for dommen.
Mindretalet – Endresen og Webster – meinte at ein måtte sjå på kravet om kompensasjon som eit vederlagskrav, og at det derfor også måtte kompenserast for arbeidet med utlegging av den auka mengda salt som Statens vegvesen var ansvarleg for. På denne bakgrunnen stemte mindretalet for å setje erstatninga til 5,4 millionar kroner.