Spørsmålet om eit erstatningskrav sett fram av ein norsk borgar mot eit australsk selskap har tilstrekkeleg tilknyting til Noreg til at søksmålet kan fremmast
Høgsteretts orskurd, 13.10.2010, HR-2010-01734-A, (sak nr. 2010/820), sivil sak, anke over orskurd
Bjarte Baasland (advokat Odd Walther Moi) mot Centrebet PTY Ltd. (advokat John S. Gulbrandsen)
Dommarane: Webster, Normann, Falkanger, Bårdsen, Tjomsland
Saka gjeld spørsmålet om eit erstatningskrav sett fram av ein norsk borgar mot eit australsk selskap har tilstrekkeleg tilknyting til Noreg til at søksmålet kan fremmast her, jf. tvistelova § 4-3 første ledd.
Bjarte Baasland tapte til saman ca. 60 MNOK på nettspel. Eit av selskapa han spelte hos, var det australske selskapet Centrebet Pty Ltd. Baasland har reist søksmål mot selskapet og krev erstatning på subjektivt og objektivt grunnlag. Centrebet påstod søksmålet avvist på grunn av manglande tilknyting til Noreg. Det blei vist til at dei unnlatingane og handlingane som kunne vere grunnlag for erstatning, hadde skjedd i Australia, og at tapet hadde inntreft i Tyskland og Tsjekkia, der Baasland oppheldt seg da han blei utsett for dei tapa saka er knytt til.
Centrebet vann fram med avvisingspåstanden i tingretten og lagmannsretten. Høgsterett kom likevel til at saka har tilstrekkeleg tilknyting til Noreg. Centrebet hadde retta verksemda si mot den norske marknaden, ved å ha norske nettsider, opne for spel med norske kroner, og ved å ha norske kundekonsulentar som kunne kontaktast på eit norsk gratisnummer. Selskapet hadde også ein norsk marknads- og pressesjef og i ein periode også ein norsk konto. Baasland er ein norsk statsborgar som begynte å spele på nettsidene til Centrebet medan han oppheldt seg i Noreg. Han har heile tida oppført seg som ein norsk kunde ved at han har spelt med utgangspunkt i dei norskspråklege nettsidene, spelt med norske kroner og hatt kontakt med norske kundekonsulentar. Tapa han har vore utsett for, er ikkje knytte til utanlandsopphaldet, han kunne ha tapt i same omfang om han hadde oppheldt seg i Noreg heile tida.
I ein slik situasjon var tilknytinga til Noreg ikkje tilfeldig, men ein konsekvens av Centrebet si aktive marknadsføring mot Noreg. Det ville derimot vere ein tilfeldig konsekvens om det at Baasland oppheldt seg i utlandet da tapa oppstod, skulle føre til at søksmålet ikkje kunne reisast her.
Det var ikkje nødvendig å ta stilling til om Baasland ville hatt verneting etter tvistelova §§ 4-4 til 4-5, eller kva land sin materielle rett som skal brukast i saka, da tilknytinga til Noreg uansett måtte vere tilstrekkeleg.