Spørsmål om det var gjort ein avtale om valdgift ved verdsetjing av eigedom
Høgsteretts dom 10.06.2010, HR-2010-00995-A, (sak nr. 2010/189), sivil sak, anke over dom
Ole Gløtta (advokat Anders Pind) mot Anfinn Gløtta (advokat Asle Bjelland)
Dommarane Utgård, Indreberg, Møse, Tønder, Coward
Saka gjaldt spørsmålet om det var gjort ein avtale om valdgift ved verdsetjing av eigedom som det var plikt til å gi tilbod om kjøp av. For det tilfelle at det låg føre ein valdgiftsavtale, var det spørsmål om kjøperetten var gjort gjeldande for seint.
Spørsmålet om valdgift gjaldt rett for eigaren av eit gardsbruk til å få kjøpt ein fråskilt hytteeigedom i eit tilfelle der eigaren av sistnemnde ønskte å selje. Verdien skulle då setjast ”til rimelig verdi etter samme prinsipper som på åsete”. I mangel av semje skulle vederlaget fastsetjast av ei takstnemnd ”med bindende virkning”.
Høgsterett drøfta spørsmålet om beviskravet for at det er avtala valdgift. Fleirtalet – dommarane Coward, Utgård og Tønder – kom til at det låg føre avtale om valdgift, Ved sida av ei ordlydstolking vart samanhengen med andre punkt i avtalen og også bakgrunnen for avtalen trekt inn. Eit mindretal – dommarane Indreberg og Møse – meinte at avtalen, særleg ut frå det strenge beviskravet, ikkje gav tilstrekkeleg grunnlag for å kunne seie at det var avtala valdgift.
For det tilfelle at det låg føre ein valdgiftsavtale, kravde rettshavaren dom for at han kunne nytte kjøperetten. Dette fekk han ikkje medhald i. Rettshavaren hadde først gitt uttrykk for at han eventuelt ønskte å overta eigedommen til avhalden takst – om det var ein valdgifttakst – under behandlinga for lagmannsretten. Dette var for seint. Han måtte sjølv ha risikoen for at han hadde teke feil med omsyn til om det var avtala valdgift.