Forbodet mot å føre småbåt i alkoholpåverka tilstand når motoren i ein motorbåt ikkje kan nyttast fordi han er gått tom for drivstoff
Høgsteretts dom 03.06.2010, HR-2010-00952-A, (sak nr. 2010/293), straffesak, anke over dom
Fritids- og småbåtlova § 33
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Harald L. Grønlien)
Dommarane: Endresen, Bruzelius, Støle, Webster, Schei
Saka gjaldt om forbodet i fritids- og småbåtlova § 33 mot å føre småbåt i alkoholpåverka tilstand kjem til bruk når motoren i ein motorbåt ikkje kan nyttast fordi han er gått tom for drivstoff.
Lov om fritids- og småbåter har i § 33 første ledd denne føresegna:
”Under påvirkning av alkohol eller annet berusende eller bedøvende middel må ingen føre eller forsøke å føre en småbåt som har:
1. motor som fremdriftsmiddel, […]”
Tiltalte nytta ein 14 fots motordriven fritidsbåt, men fekk motorstopp da motoren gjekk tom for bensin. Båten blei da liggjande og drive for vêr og vind. Etter motorstoppen drakk den tiltalte betydelege mengder alkohol, og da han blei plukka opp etter ca. ein og ein halv time, var han påverka etter definisjonen i lova.
Høgsterett kom til at § 33 første ledd lett kunne brukast på tilhøvet. Det blei lagt til grunn at båten ikkje endra karakter da han gjekk tom for drivstoff – båten hadde framleis motor som framdriftsmiddel. Med støtte mellom anna i forarbeida til lova blei det også lagt til grunn at den tiltalte var ”førar” av båten også etter at motoren stoppa.
Artikkel 7 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen kunne ikkje føre til eit anna resultat. Det var i saka ikkje tale om å straffedømme på grunnlag av ein analogisk bruk av ei straffeføresegn, og ein fann at lova var adekvat utforma. Spørsmålet blei da om lova skulle tolkast innskrenkande, og ein meinte ikkje at EMK artikkel 7 gav noka rettleiing i den samanhengen.