Forbodet mot dobbeltforfølging EMK protokoll 7 artikkel 4
Høgsteretts dom 28.01.2010, HR-2010-00173-A, (sak nr. 2009/1499), straffesak, anke over dom
A (advokat Bjørn Rudjord) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)
Dommarane: Stabel, Matheson, Endresen, Skoghøy, Gussgard
Saka gjeld forbodet mot dobbeltforfølging EMK protokoll 7 artikkel 4. Spørsmål om konsekvensane av dom i storkammer 10. februar 2009 frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i saka Zolotukhin mot Russland. Hindrar det å gi forhøgd tilleggsskatt og tilleggsavgift straffeforfølging for tilknytte brot på rekneskaps- og likningslovgivinga?
A er ein av drosjeeigarane som blei sette under tiltale for brot på rekneskaps- og likningslovgivinga, som ledd i den såkalla drosjesvindelsaka i Oslo. Sakene gjaldt omfattande skatteunndragingar i form av uriktig rekneskapsføring og rapportering til myndigheitene. På førehand hadde han blitt gitt 60 prosent tilleggsskatt og tilleggsavgift for skattesvik for eiga inntekt. Han blei domfelt i tingretten og lagmannsretten.
Etter EMDs tidlegare praksis var det to vilkår for at noko var dobbeltforfølging etter protokoll 7 artikkel 4: same handlemåte (det faktiske) og same objektive gjerningsinnhald i straffebodet (det rettslege). I storkammeravgjerda av 10. februar 2009 gjekk domstolen etter ei prinsipiell drøfting bort frå kravet om rettsleg identitet. Frå no av skal avgjerda ifølgje EMD berre skje etter ei samanlikning av dei faktiske elementa i sakene, ikkje dei rettslege. Dette må no leggjast til grunn av norske domstolar.
Høgsterett heldt likevel domfellinga av A ved lag. Dei aktuelle rekneskaps- og likningsbrota bygde på andre faktiske tilhøve enn det han var gitt tilleggsskatt og -avgift for. For brota på rekneskapslova viste Høgsterett til Rt. 2004 side 1074. Brota på likningslova gjaldt rapportering om for lite lønn for dei tilsette sjåførane – medverknad til skattesviket deira – og uriktig dokumentasjon til bruk for skattemyndigheitene. Dette var noko anna enn å gi mangelfulle og uriktige oppgåver om eigne tilhøve. Det låg derfor ikkje føre dobbeltforfølging.