Lovbruken og straffutmålinga ved domfelling for innførsel av amfetamin med svært låg styrkegrad

Høgsteretts dom, 15.09.2010, HR-2010-01534-A, (sak nr. 2010/1133), straffesak, anke over dom


A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Jostein Johannessen)

Dommarane: Endresen, Normann, Matheson, Øie, Bruzelius

Saka gjaldt lovbruken og straffutmålinga ved domfelling for innførsel av amfetamin med svært låg styrkegrad.

A var i lagmannsretten dømd for brot på straffelova § 162 første og andre ledd for å ha innført 168,7 gram amfetamin med styrkegrad 1 prosent og 9,8 gram marihuana. Lagmannsretten la til grunn at A hadde kjøpt stoffet for 5 000 kroner, og at han var kjend med kva styrkegrad stoffet hadde. Dei særlege problemstillingane som kan oppstå når den tiltalte ikkje er kjend med styrkegraden, var derfor ikkje aktuelle i saka.

Høgsterett nedsubsumerte tilhøvet til brot på straffelova § 162 første ledd. Det følgjer av praksis at grensa mellom første og andre ledd normalt går ved 50 gram amfetamin. I tråd med det som blei føresett i Rt. 2005 side 1473, fann likevel Høgsterett at ein ved subsumsjonen må leggje vekt på reinleiksgraden når ein ved å rekne ut kor stor stoffmengda hadde vore med normal reinleiksgrad, får eit kvantum som er vesentleg under det etablerte terskelnivået. Sjølv om det følgjer av § 162 andre ledd at også kva karakter brotet har, er relevant for vurderinga av om narkotikalovbrotet er grovt, fann Høgsterett at det var nødvendig for å få ein praktikabel regel at det i desse tilfella måtte vere stoffet i seg sjølv og kvantumet som var dei sentrale momenta i vurderinga.

Straffa blei sett til fengsel i 6 månader, som var sona ved uthalde varetektsfengsel. Det blei ved straffutmålinga lagt til grunn at ein ikkje kan ta utgangspunkt i det kvantumet stoff med normal styrkegrad som det aktuelle stoffet kan reknast om til. Det måtte likevel leggjast vesentleg vekt på at stoffet var klart ueigna til injisering og heller ikkje på annan måte var særleg godt eigna som rusmiddel. I straffskjerpande retning blei det lagt vekt på at den tiltalte hadde eit utprega profittmotiv, og at det var tale om ein planlagd innførsel, som han sjølv stod ansvarleg for. 

Les avgjørelsen i sin helhet