Straffutmåling for innførsel av eit svært stort parti amfetamin

Høgsteretts dom, 27.10.2010, HR-2010-01825-A, (sak nr. 2010/1026), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Geir Evanger) mot A og B (advokat gunnar K. Hagen), C og D (advokat John Christian Elden), E (advokat Marius O. Dietrichson) og F (advokat Arne Gunnar Aas)

Dommarane: Endresen, Bårdsen, Bruzelius, Normann, Tjomsland

Saka gjaldt straffutmåling for innførsel av eit svært stort parti amfetamin. Amfetaminet hadde ein gjennomsnittleg styrkegrad på 16,5 prosent. Innførselen skjedde som ledd i verksemda til ei organisert kriminell gruppe, og dei tiltalte var i tillegg til domfelling etter straffelova § 162 første ledd og tredje ledd første punktum også dømde for brot på straffelova § 60 a. Dei var ikkje sjølve med i den kriminelle gruppa, men var medvitne om at dei hjelpte ei slik gruppe. Det blei lagt til grunn at ingen av dei tiltalte kunne seiast å ha hatt ei perifer rolle.

For fem av dei tiltalte fann lagmannsretten at dei var skyldige i innførsel av heile partiet på 112 kg. Straffa for desse fem blei sett til fengsel i 15 år for dei to som hadde hatt ei meir overordna rolle, og til 13 år, 12 år og 12 år for dei andre tre. Fleirtalet slutta seg til straffutmålinga i lagmannsretten og grunngivinga for henne.

Den sjette av dei tiltalte blei berre funnen skyldig i innførsel av 40 kg amfetamin. Han hadde dessutan gitt ei tilståing utan atterhald under etterforskinga og hjelpt til med å oppklare saka elles. Han hadde i Oslo tingrett 12. november 2007 blitt dømd til fengsel i seks år for å innføre eit større parti hasjisj, og lagmannsretten la ved straffutmålinga til grunn at straffelova § 64 første ledd skulle brukast. Men føresegna kan ikkje brukast fordi den straffbare gjerninga han no blir dømd for, blei gjord etter dommen i tingretten i den tidlegare saka. Fleirtalet fann likevel at det ved straffutmålinga kunne leggjast noko vekt på kva som ville bli den samla soningstida. Det blei vist til at dei straffbare handlingane var av same art, og at det var nær samanheng i tid. Straffa blei likevel heva frå seks til sju års fengsel.

To dommarar – Bårdsen og Tjomsland – dissenterte. Dei stemde for at straffa for dei fem blei skjerpa med eitt år. For den sjette burde straffa etter mindretalet sitt syn skjerpast frå fengsel i seks år til fengsel i åtte år og seks månader. Mindretalet fann ikkje grunn til å leggje vekt på samla soningstid.

Les avgjørelsen i sin helhet