Straffutmåling for aktlaust drap ved bruk av motorvogn
Høgsteretts dom 01.11.2010, HR-2010-01850-A, (sak nr. 2010/983), straffesak, anke over dom
A (advokat Odd Rune Torstrup) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Tor Henning Knudsen)
Dommarane: Normann, Matheson, Tønder, Bårdsen, Matningsdal
Saka gjaldt straffutmåling for i hovudsak aktlaust drap ved bruk av motorvogn. Spørsmålet dreidde seg særleg om kva det hadde å seie at den domfelte var ca. 17 år og 10 månader på gjerningstidspunktet. Domfellinga omfatta vidare brot på straffelova § 228 første ledd, jf. § 232.
Den domfelte hadde ikkje førarkort og var påverka av alkohol og hasjisj medan han køyrde. Tingretten la til grunn at den samla påverknaden ”skjønnsmessig best kunne sammenlignes med den påvirkningsgrad som vanligvis ledsager en blodalkoholkonsentrasjon på rundt 1,5 promille, hva gjelder prestasjonsforringelse og ulykkesrisiko.” Han hadde ikkje sove den natta ulykka skjedde. Farten på ulykkestidspunktet blei vurdert til å ha vore i alle fall 70–80 km/t i ei 60-sone.
Tingretten sette straffa til fengsel i eitt år og sju månader. Ni månader blei gjorde til vilkårsstraff. Anken frå den domfelte over straffutmålinga blei forkasta i lagmannsretten. Høgsterett tok delvis til følgje anken frå den domfelte over straffutmålinga.
Høgsterett tok utgangspunkt i at avgjerdene i Rt. 2009 side 1048 og Rt. 2000 side 1597 gav ei viss rettleiing for straffutmålinga, sjølv om farten i desse to sakene var monaleg høgare. I skjerpande retning blei det elles lagt vekt på at det dreidde seg om høg fart, betydeleg rus, at den domfelte ikkje hadde førarkort, og at han køyrde utan å ha sove om natta.
Lagmannsretten og tingretten hadde under tilvising til dei nemnde høgsterettsavgjerdene lagt til grunn at straffenivået i utgangspunktet passande kunne setjast til to år for alle tilhøva. Høgsterett meinte at dette nivået var noko for høgt, særleg med tanke på at farten i dei andre sakene var monaleg høgare.
Den domfelte hadde i tingretten og lagmannsretten fått godskrive eit frådrag for tilståing som svarte til ein reduksjon i straffa på cirka 20 prosent. Høgsterett kunne ikkje sjå at tilståinga var utan atterhald, og la derfor berre mindre vekt på tilståinga.
Under tilvising til dommen i sak nr. 2010/871, som blei gitt i Høgsterett same dag, kom Høgsterett til at det låg føre ”særlig tungtveiende allmennpreventive hensyn” som ikkje i tilfredsstillande grad kunne bli tekne vare på ved dom på samfunnsstraff, jf. også Rt. 2005 side 1096. Det blei uttalt at ein i slike saker må leggje særleg vekt på omsynet til allmennprevensjon. Ikkje minst for ungdomsmiljø generelt er det viktig å gi klare signal om at bilkøyring i høg fart i ruspåverka tilstand vil føre til strenge reaksjonar.
Lengda på straffa kunne ikkje reduserast under tilvising til at den domfelte var blitt hardt ramma ved at kjærasten hans blei drepen i ulykka, men Høgsterett kom under tilvising til det same til at ein noko større del av dommen kunne gjerast til vilkårsstraff. Straffa blei – som i tingretten og lagmannsretten – sett til fengsel i eitt år og sju månader, men vilkårsdelen av straffa blei auka frå ni til elleve månader.