Ulovleg dumping av fiskeavskjer frå produksjon av sildefiletar om bord i fiskefartøy
Høgsteretts dom, 20.10.2010, HR-2010-01777-A, (sak nr. 2010/1200), straffesak, anke over dom
P/F A (advokat Hallvard Østgård) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Torstein Lindquister)
Dommarane: Webster, Matningsdal, Tønder, Noer, Schei
Saka gjeld spørsmål om inndraging etter lov om Norges økonomiske sone § 9 som følgje av ulovleg dumping av fiskeavskjer frå produksjon av sildefiletar om bord i fiskefartøy.
Den færøyske fabrikktrålaren ”B” dumpa 130 tonn fiskeavskjer i sjøen under produksjon av sildefilet i norsk økonomisk sone. Slik dumping er forboden, og både reiarlaget og kapteinen fekk bot. I tillegg blei det inndrege 1 million kroner frå reiarlaget, noko som tilsvarte verdien av filetane som var produserte medan avskjeret blei dumpa over bord. Reiarlaget anka til Høgsterett over lovbruken og heldt fram at det ikkje var heimel for å inndra lovleg fangst – som dette i utgangspunktet var. Dessutan blei det heldt fram at det ikkje var nokon årsakssamanheng mellom den straffbare handlinga og verdien av filetane – ettersom den straffbare handlinga skjedde etter produksjonen av filetane.
Anken blei forkasta. Det var ikkje grunnlag for å tolke lov om Norges økonomiske sone § 9 innskrenkande, slik at ein berre kan inndra ulovleg fangst. Ein kan heller ikkje tolke inn eit krav om årsakssamanheng mellom den straffbare handlinga og eit utbytte som vilkår for å kunne inndra. Men sjølv om det skulle vere eit slikt krav om årsakssamanheng i føresegna, ville det vore oppfylt ettersom det var ei tilstrekkeleg nær tilknyting mellom sildefiletane som var produserte, og den straffbare dumpinga av avfallet.
Fastsetjinga av storleiken på inndraginga som lagmannsretten hadde gjort, blei også halden ved lag.